SPØRSMÅL OM TRAFIKKSIKRING – FRÅ KARI GRINDVIK (V)

Bymiljøavtaler
Sykkelfelt fra bybildet i Bergen, Foto: Kåre Pettersen

Gode ordførar

Våren er endeleg komen og innbyggarane tek føtene og syklane fatt. Det er godt for folkehelsa.

Og vi kan glede oss over at gang- og sykkelvegar vert sett i stand og nokre stadar vert det og bygd nye. Eg nemner gjerne nybygd gang- og sykkelveg mellom Skodje kyrkje og Olmanngjerdet, og ikkje
minst langs Grytastranda som vi gler oss over er realisert. Dette skaper store forventingar og aktivitet. Men vi ser også at det nokre stadar kan skape uro.

Fleire gongar har vi diskutert behovet for rullering av trafikktryggingsplanen for Ålesund kommune, men noko nærare det arbeidet har vi ikkje kome. Likevel ser vi jo at nokre av prosjekta knytt til kommunale vegar og anlegg vert teken inn i investeringsbudsjettet, noko som skapar von om oppstart. Andre prosjekt ligg utanfor vårt arbeidsfelt ved at det er andre vegeigarar som har ansvaret.

Folkehelsegevinsten ved at fleire går og syklar er godt dokuemntert. Då er det viktig at vi sørger for at denne gevinsten ikkje vert til tap ved at vi ikkje får på plass trygge kryss og trafikkløysingar som gjer
det trygt å bruke desse gang- og sykkelvegane. I motsettfall vil vi kunne oppleve auka biltrafikk for å unngå farane ved utrygge kryss.

Det gjeld heilt sikkert fleire stader, men eg har teke føre meg nokre stader i kommunen som, slik Venstre og eg ser det, har nokre utfordringar som krev snarleg løysing:

  • Det gjeld nytt trafikkssytem ved skulane i Skodje sentrum. Her er det stor risiko for gåande og syklande skuleborn. Målet er å få betre flyt for bussar og ikkje minst skille gåande og syklande frå biltrafikken til området. Eit område som både har barnehage, barneskule og ungdomsskule i tillegg til bibliotek og Gomerhuset. I dag er det uoversiktleg og svært mange køyrer borna sine til og frå skulen. Parkeringsplassen på øvre plan er ofte full og det skaper farlege situasjonar når rundkøyringa aust for Gomerhuset vert nytta til «kiss and ride» sone. Vi høyrer om andre kommuner som etablerer hjertesoner rundt skulane sine: Her har vi hjerte i halsen og håper kvar dag at ikkje noko barn vert skada i trafikken til og frå området. Prosjektet var langt på veg ferdig prosjektert i 2019. Etter budsjettforhandlingar vart det semje om at det skulle starte opp i 2022. Av kapasitetsutfordringar blei det utsett til 2023, men framleis er det ikkje starta opp.
  • Vidare gjeld det manglande trafikktrygging for barn og unge ved krysningspunkt mellom gang- og sykkelveg og Uggedal stadion på Grytastranda. Når det vert brukt midlar til å bygge ein flott, ny gang- og sykkelveg langs ein fylkesveg der fartsgrensa er 80 km/t, er det underleg at det ikkje er planlagt bygd ei trygg kryssing til anlegg som vil ha stor trafikk av nettopp gåande og syklande.
  • I tillegg har vi kryssing av fylkesveg ved Stette montesorriskule og barnehagen. For dei som kjem frå Opskar, må dei krysse vegen i 80 sone for å kome til skulen/barnehagen. Eg meinar at det skal vere fatta vedtak om redusert fart her, men det manglar kanskje ein skiltplan for strekninga langs Ellingsøyvegen frå Stette og vestover?
  • Også på Ellingsøya, langs den kommunale vegen er det ønske om tiltak ma å få sett ned farta ved skulen, for å gi skuleborna trygg kryssing. For sjølv om farta er er 50 km/t, kan det vere ønskeleg med
    tiltak for betre tryggleik. I tillegg har vi to utfordrande kryssingar av fylkesvegen, på Hoffland der farta er 70 km/t og på Bjørge 60 der farta er 60 km/t.

Eg har leita i Statens vegvesen sitt regelverk når det gjeld å få sette ned fartsgrensa utanfor tettbygd strøk. Der finne eg at berekningsmodellane på vegvesen.no viser at ein godt kan sette ned
fartsgrensa utanfor tettbygd strøk, og at ein også kan sette inn andre nødvendige tiltak. I regelverket står det at ein skal lytte til privatpersoner, institusjoner og kommune.

Tiltak som kan nyttast er td :

  • Nedsatt fartsgrense
  • Ekstra lyssetting i krysset
  • Gangfelt
  • Lysregulering som blir brukt når nokon skal krysse vegen

Eg ber ordføraren i formannskapsmøtet 23. mai 2023 svare på følgjande:

  • Når kan vi rekne med at arbeidet for å betre trafikksituasjonen ved skulane i Skodje sentrum vert i gangsett og når vil det kunne takast i bruk?
  • Å ha ein skiltplan for kommunale vegar der trygg kryssing spesielt ved skular og idrettsanlegg er spesielt vurdert er svært viktig. Er det utarbeidd ein slik for gamlevegen forbi skulane på Ellingsøya?
  • Har Ålesund kommune gjort det som er mogleg for å påverke vegeigar til å sette ned farta og vurdere fleire tiltak ved ovanfor nemnde kryssingar på Ellingsøya, Stette og Grytastranda?
  • Kva handlingsrom og verkty meinar ordføraren vi som politikarar i Ålesund har for å sikre trygg ferdsel for våre innbyggarar?

 

Skodje 9. mai 2023
Kari Grindvik (V)