Kommunen kan ikkje aleine bære dei høge forventningane som ein stadig eldre befolkning vil ha til det offentlege tenestetilbodet. Kommunen må i større grad enn i dag skilje mellom helsetenester og omsorgstenester. Sistnemnde må private og frivillige i større grad enn i dag ta seg av.
Alle som treng omsorg, skal få høve til å bu heime så lenge som mogleg. Eigen bustad og eit tenestetilbod som er tilpassa individuelle behov, gir tryggleik og vil redusere behovet for institusjonsplassar.
Eldre må i langt større grad få høve til å ha innflytelse på innhaldet i tenestene dei får frå det offentlege. I tillegg til å arbeide for nok og gode sjukeheimsplassar, må det etablerast alders-/seniorheim og fleire omsorgsbustader for dei som treng eit mindre pleieintensivt tilbod.
Eldre er like individuelle som alle andre.
Haram Venstre vil:
- Ha systematisk etter- og vidareutdanning av helse- og omsorgspersonell for å halde oppe kvaliteten i eldreomsorga.
- At fleire legar og sjukepleiarar med kompetanse på samansette sjukdommar og lidingar blir tilsette på sjukeheimen.
- At frivillige organisasjonar og private som ønskjer å drive gode faglege helsetilbod må få større forutsigbarheit når det gjeld drift og avtalar.
- Bygge om Lepsøy skule til omsorgsbustader med eit naturleg aktivitetssenter for eldre i dei noverande spesialromma på skulen.
- Jobbe for meir effektiv organisering og drift av omsorgssektoren i Haram.
- Satsa på velferdstilbod til seniorar, som «Den kulturelle spaserstokken», senioruniversitetet og støtte opp om frivillige organisasjonar som organiserer aktivitetar for eldre.
- Bygge 80 seniorbustader fordelt utover kommunen men samla på kvar stad.
- Opprette eiga omsorgstrapp for Nordøyane slik at dei næraste og kjære kan besøke sine utan å betale skjorta for å kome seg gjennom bommene.
- Flytte ei av avdelingane ved Brattvåg sjukeheim til Haramsøy.
- Oppgraderer ein avdeling ved Eidet omsorgssenter til sjukeheimsavdeling.