Kommunen som tek vare på dei minste

Kommunedirektøren foreslår mindre penger til skolene og barnehagene i 2025 enn i 2024., Foto: Sigmund on Unsplash

Alt for mange born og unge i Haram har ei tøff oppvekst, og Venstre vil arbeide for at desse får ei betre oppfølging. Vi vil auke innsatsen for å styrke og opne opp barnevernet, slik at vi kan fange opp born og unge i faresona på eit tidleg tidspunkt.

Samarbeidet mellom helsestasjonane, helsesøstrene og barnevernet må bli betre, og lågterskeltilbod som open barnehage styrkast.

I oppveksten utviklast mykje av evna til å ta kontroll over eige liv og ein grunnleggande kjensle av tryggleik og verdigheit. Vaksne menneske vel i stor grad si livsform og livsstil, men ingen velje si barndom. Det er viktig for Haram Venstre å arbeide for at kommunen lager gode ordningar for born som har det vanskeleg, og legg til rette for ei god barndom.

Born vil alltid prioriterast først.

Haram Venstre vil:

  • Styrke kompetansen og kvaliteten i barnevernet og sosialtenesta slik at born som lever under vanskelege oppvekstvilkår får endå betre hjelp.
  • Styrke samarbeidet mellom helsestasjonane, helsesøstrene og barnevernet.
  • Auke nytta av familieråd i barnevernet, der stor-familien og nettverket rundt barnet/ungdommen vert nytta som ein ressurs i barnevernssaker.
  • Ha god oppfølging av fosterforeldre og setje i verk tiltak for å auke rekrutteringa av fosterforeldre i Haram.
  • Førebyggje ungdomskriminalitet gjennom eit forsterka samarbeid mellom, foreldra, skule, barnevern og politi.
  • Styrke samarbeidet med frivillige organisasjonar og andre viktige aktørar på området.
  • Arbeide for eit godt tilbod av fritids- og ungdomsklubbar.