Haram Venstre vil betre framkomsten og gjere det tryggare å sykle. Haram skal bli ein framtidsretta sykkelkommune. Fleire kollektivbrukarar og syklistar gir betre plass på vegane.
Haram Venstre vil:
- I samarbeid med fylkeskommunen gjennomføre eit prøveprosjekt med gratis bussar i to år.
- Jobbe for at buss- og ferjetilbodet korresponderer mykje betre enn i dag
- Betre trafikkgrunnlaget med smartare ruteplanlegging mellom dei tettast befolka områda
- At alle bussar skal gå på berekraftig produsert fornybart drivstoff.
- Oppgradere og bygge haldeplassar med ruteopplysning, sitjeplassar og sykkelstativ, inkludert utvide parkeringsmoglegheitene nær busstasjonar og ferjekaier.
- Etablere 20 ladepunkt for Elbilar innan 2030
- Ha framdrift i utbygginga av ny fylkesveg utanom Søvika og bygge ein ny, miljøvenleg sentrum med eit optimalt kollektivopplegg ifm Eidet
- Prioritere gang- og sykkelveg Digerneset-Eidet skule-Slyngstad
- Jobbe for å realisere Hamnsundsambandet