Haram Venstres 12-punktsplan for øyane

Haram kommune eser ut i antall årsverk skriver Christian Holstad Lilleng i dette innlegget., Foto: Haram Venstre

Etter at Nordøyvegen kom på plass har ein, paradoksalt nok, delt kommunen i to; fastlandet og øyane. Dei høge bompengesatsane må ned, men uansett kor låge dei vert så er den økonomiske barrieren mellom fastland og øyane sett for mange år framover.

Haram Venstre ønskjer derfor å innføre strakstiltak, og å presse Stortinget og regjeringa til å ta vare på øysamfunna slik at ein sikrar gode levevilkår og vekst på øyane som vil bli ein svært god busetjingsstad når Hamnsundsambandet er på plass.

Haram Venstre vil:

  • Haram Venstre vil opprette ein eigen Omsorgstrapp for Nordøyane, inkludert å flytte ein av avdelingane på Brattvåg sjukeheim ut til øyane slik at øyane får eigne sjukeheimsplassar.
  • Haram Venstre ønskjer å flytte kommunale, fylkeskommunale og statlege arbeidsplassar ut til øyane for å skape fleire ikkje-teknologiske arbeidsplassar der.
  • Haram Venstre vil desentralisere kommunale arbeidsplassar, som til dømes NAV, slik at ein aukar bruken av heimekontor og skapar eit felleskontor for offentleg tilsette på øyane.
  • Haram Venstre vil slå saman Lepsøya, Flem og Haramsøya skular til èin 1-10 skule for å sikre det pedagogiske tilbodet til elevane, og la lærarane undervise i faga dei er best i.
  • Haram Venstre vil Haram kommune skal byggja 20 seniorbustader slik at eldre kan få den oppfølginga dei treng og ynskjer av helsepersonell. Mange eldre bur aleine i hus. Dersom desse kan få kjøpt eller leigt seg praktiske leilegheiter vil det, som ein gunstig bi-effekt, frigjerast hus til nyetablerte familiar.
  • Haram Venstre vil jobbe for å desentralisere Haram vidaregåande skule slik at elevane på øyane skal få moglegheiter til å gå minst eitt av åra på vidaregåande skule heime på øyane.
  • Haram, og Møre og Romsdal Venstre, ynskjer å utgreie moglegheitene for å setja i gang ein eigen naturbrukslinje på øyane. Inntakskrava til naturbruk er særleg høge, det trengs fleire plassar, og Nordøyane vil vera ein naturleg plassering av ein slik linje.
  • Haram Venstre vil jobbe saman med Venstre sentralt for å få ned prisane på bommene ytterlegare i høve til det fylkeskommunen no prøver å få til
  • Haram Venstre vil la Fjørtoftas befolkning bestemma sjølv om dei skal halda på sine nærtenester, som skule og eldreomsorg, levert frå Steinshamn, og om det i ytste konsekvens skal føretakast ein grensejustering slik at Fjørtofta blir att i Ålesund kommune dersom fjørtoftingane ønskjer det.
  • Haram Venstre meiner Haram kommune må jobba for eit fortsett tett og godt samarbeid med Ålesund kommune slik at alle Nordøyane, inkludert gamle Sandøy kommune, til saman skapar eit fullverdig tilbod på utsida av bommane.
  • Haram Venstre kjem til å jobbe opp mot Stortinget for å senke arbeidsgjevaravgifta for øyane ytterlegare slik at verksemdene gjennom dette får kompensasjon for den store transportutgiftsauken.
  • Haram Venstre vil jobbe for å ta ned vindturbinane på Haramsøya dersom desse ikkje oppfyller konsesjonskrava.

Tilbake til forsiden.