Frivillige organisasjonar og engasjerte innbyggjarar spelar ei avgjerande rolle for kommunen, og må arbeide for gode rammevilkår.
Alle i Haram skal ha moglegheit til å delta i idrett og friluftsliv. Dette gjeld også for dei som ikkje er med i den organiserte idretten. Alle må ha moglegheit til å drive aktivitet på eigne vilkår og sjølv bestemme kva form og innhald aktivitetane skal ha. Samstundes skal Haram som den mest sentrale kommunen på Nordre Sunnmøre ha gode anlegg for breiddeidrett lokalisert på Eidet.
Haram har tre kulturutfordringar som må løysast dei neste fire åra:
- Kommunen må bli ein tydelegare kulturaktør
- Bibliotek og skulebibliotek må samla gi eit betre tilbod enn i dag
- Oppretthalde formidlinga av Harams historie gjennom fortsett støtte til sogelagas verksemd.
Haram Venstre vil:
- Byggje og fylle eit kultur- og idrettssenter i tilknyting til ein ny skule på Eidet med innhald som kan bli Nordre Sunnmøres kultur- og idrettssenter med stor K.
- Arbeide for ein god Kulturskule i tett samarbeid med dei andre kommunane på Nordre Sunnmøre
- Satse på gode og rimelege lokale for alle typar kulturuttrykk
- Aktivt bruke kunst, kultur og idrett i inkluderings- og integreringsarbeidet
- Lage ein eigen kunst- og kulturplan
- Støtte opp under North Atlantic Arena på Eidet med planlagt innandørs 11-bane for fotball, symjehall, padelhall, ishall, Tuftepark og nye lysløyper til glede for heile Nordre Sunnmøre.
- Styrke aktivitets- og kulturtilbodet til born og unge
- Senke prisen på kultur- og fritidsaktivitetar, eller setje inn andre tiltak for å sikre at alle born og unge får moglegheit til å delta, uavhengig av familiens økonomi.
- Satse på innhaldet i biblioteka, auke opningstidene og vurdere å ha søndagsopent.
- Jobbe for å betre rammevilkåra til «musea» og kulturminna våre
- Sørge for systematisk opprusting og vedlikehald av våre viktigaste kulturminne
- Oppretthalde støtta til historielaga
- Ta initiativ til meir og betre samarbeid mellom det offentlege, private og frivillige rundt forvaltninga av våre kulturminne.
- At kommunen gjennom barnehagar, skuleverket og SFO aktivt bruker og utfordrar musea. Her vil ei løysing med gratis bussar auke moglegheitene til bruk av Harams kulturelle tilbod.