Venstre sit ikkje i Helsekomiteen på Stortinget, der Frp, SV, Rødt, Krf og Pasientfokus utgjer mindretalet som vil sikre Mork si framtid. Når også Venstre no varslar støtte til Mork når saka kjem opp i samla Storting i dag, torsdag 20. april, er det Høgre som sit med nøkkelen til å sikre framleis drift av Mork.
– Eg vil innstendig oppmode Høgre, som elles ofte snakkar fint om trongen for meir og betre rehabilitering, om å gjere felles sak med Venstre og dei andre partia i opposisjonen. Tilbodet på Mork er unikt. Dersom Mork no vert lagt ned, forsvinn denne kompetansen på rehabilitering ut av helseføretaket, og pasientane blir taparane. Eg forstår ikkje kvifor Høgre vel å samarbeide med regjeringspartia Ap og Sp om å seie nei til Mork, i staden for å samarbeide med alle oss andre og seie ja, seier Venstres Alfred Bjørlo.
Dei lokale venstrerepresentantane Annika Brandal (varaordførar i Hareid) og Are Folkestad (Venstres ordførarkandidat i Ørsta) er glad for den gode dialogen dei har hatt med Venstres stortingsgruppe i Mork-saka. – Vi har stortingspolitikarar som lyttar, og orienterer seg godt i sakene når vi tek kontakt. Det er utruleg viktig for oss, og noko vi også kjem til å nytte oss av i seinare saker, seier Brandal og Folkestad.
Oppdatert sak etter votering i Stortinget: Resultatet vart som venta, fleirtalet (Ap, Sp og Høgre) stemte imot å berge Mork.