«Det er ei stor ære å få leie Hå Venstre inn i valkampen. Hå treng eit parti som vil kutte i utslepp, skape nye arbeidsplassar, satar på skule og som tek jordvern på alvor.» sa Kjetil Friestad etter at han var valt som ordførarkandidat.
Miriam Dybing Taksdal som står på 2.plass fortsett med «Det gleder meg at me har fått på plass ei liste med dyktige kandidatar som utfyller kvarandre på ein god måte, og som kjem til å jobba for at Hå framleis skal vera ein attraktiv og god kommune å veksa opp i og bu i.»
«Me skal ta vare på den naturen me har. Naturen er ei viktig fristad for mange, og det skal me kjempe for at det skal fortsette å vere.» avsluttar Grete Friestad som står på 3.plass på lista.
Kandidatane er einige om at Hå kommune treng Venstre inn i kommunestyret. Venstre vil vere partiet som tek kampane for naturen, for dei vanskelegstilte i kommunen, for eit betre miljø på skulane og for dei eldre. Det er ein samstemt og motivert gjeng som gler seg til å drive valkamp for å ta Hå framover.
Her er heile lista:
1 | Kjetil Friestad | 1978 | Nærbø |
2 | Miriam Dybing Taksdal | 1990 | Nærbø |
3 | Grete Friestad | 1990 | Nærbø |
4 | Tone Dybing Gravdal | 1988 | Vigrestad |
5 | Jon Arne Silgjerd | 1957 | Nærbø |
6 | Albert Moe | 1943 | Nærbø |
7 | Rune Pettersen | 1972 | Vigrestad |
8 | Lena Hodne | 1980 | Nærbø |
9 | Anita Skjæveland Iversen | 1992 | Nærbø |
10 | Fredrik Waldeland | 1987 | Vigrestad |
11 | Gorm Ingve Berge | 1963 | Sirevåg |