Det vart attval på Hogne Kvangarsnes som leiar i Volda Venstre på årsmøtet sist veke. I styret har han med seg Brynhild Lund Notøy som nestleiar og Hallvard Bjørneset som kasserar. Styremedlemmer er Hege Anett Nygård Seljeset og Benedikte Holmberg. Varafolk til styret er Idar Flo og Caroline Huse Furland. Sindre Furland vart vald som revisor. Valnemnda er samansett av Rune Seljeset og Stig Helland.