Daniel Lira Figueiredo (37) er valt til ny leiar i Sunnfjord Venstre. Figueiredo er også kandidat på lista til kommunevalet, som er toppa av Gunn Merete Paulsen (49).
– Eg brenn for betre og meir attraktive lokalsamfunn. Eg vil engasjere meg for å gje mitt bidrag tilbake for alt eg har fått etter å budd i Norge nokre år, seier Daniel Lira Figueiredo.
Figueiredo flytta frå Brasil til Norge i 2010, og flytta til Førde for å jobbe på Sunnfjord folkehøgskule i 2014. Han jobbar i dag i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane og bur på Vassenden i lag med kona Tatita Tavares.
– Eg håpar at eg gjennom politikken kan engasjere meg spesielt for inkludering, frivilligheit og næringsutvikling gjennom reiselivet, seier Figueiredo.
Paulsen er ordførarkandidat
Figueiredo vart valt som leiar i Sunnfjord Venstre under årsmøtet 12. februar. Det vart skipa til nominasjonsmøte til kommunevalet same dag. Gunn Merete Paulsen vart valt til ordførarkandidat under møtet, og toppar no lista med 24 namn som stiller til val for Sunnfjord Venstre til kommunevalet i september.
– Sunnfjord er ein god kommune å leve i, men vi må ha større ambisjonar og meir handlekraft for å få folkevekst og møte utfordringane som ligg framfor oss. Eg er glad for å toppe ei kommuneliste med så mange engasjerte og flinke folk, seier Gunn Merete Paulsen.