Haram Venstre ynskjer gode, offentleg finansierte velferdstenester. For oss er god kvalitet på tenestene viktigare enn kven som utfører dei; det offentlege sjølv, private eller ideelle aktørar.
Vi vil prioritere meir til dei som treng det mest.
Velferdssamfunnet er for oss meir enn velferdsstaten. Offentlege velferdstenester kan aldri erstatte nærleik og omsorg i frivillige fellesskap, familie og nærmiljø. Det er viktig å sikre mennesket si verdigheit og valfridom i møtet med det offentlege hjelpeapparatet i Haram.
Frivillige organisasjonar og engasjerte innbyggjarar spelar ei avgjerande rolle for kommunen vår, og må sikrast gode rammevilkår.
Haram har tre velferdsutfordringar som må løysast dei neste fire åra:
- Tidlegare fange opp og hjelpe born og unge som fell utanfor
- Forbetre tilbodet til dei rusavhengige
- Sikre kvaliteten i eldreomsorga
Seniorpolitikk – leve heile livet
Haram Venstre meiner at eldreomsorga må styrkast. For å skape eit meir variert tilbod innan eldreomsorga må ideelle organisasjonar og private bli ein naturleg del av det offentlege tenestetilbodet.
Kommunen som tek vare på dei minste
Alt for mange born og unge i Haram har ei tøff oppvekst, og Venstre vil arbeide for at desse får ei betre oppfølging. Vi vil auke innsatsen for å styrke og opne opp barnevernet, slik at vi kan fange opp born og unge i faresona på eit tidleg tidspunkt.
Haram Venstre vil opprette en egen Omsorgstrapp for Nordøyene
Bommene på Lepsøybrua har stengt Nordøyene ute – eventuelt inne – alt etter hvordan man ser på det. Haram Venstre mener vi ikke kan forvente at nordøyingene skal betale over 250 kr for å besøke bestemor på sykehjemmet i Brattvåg. Haram Venstre mener derfor at Haram kommune må skape en egen komplett omsorgstrapp for øyene.
Kommunen som prioriterer dei svakaste
Sosialt ansvar handlar først og fremst om å hjelpe dei som har det vanskelegast. I Haram handlar dette mellom anna om å hjelpe dei som slit med rusproblem.
Kommunen som arbeidgjevar og tenesteytar
Kommunen er Haram sin største arbeidsgivar, og har difor eit ekstra stort ansvar. Sjukefråværet i kommunens verksemder er altfor høgt, og det blir ei prioritert oppgåve å halvere dette, både av omsyn til dei tilsette og av økonomiske årsaker.
Haram Venstres 14 grep for betre oppvekstvilkår i Haram
Verda blir mindre og mindre, og dei problema som syntest å vere så langt unna lille trygge Haram er no her i full monn. Den glade, trygge og beskytta oppveksten ein hadde for 10-20 år sidan er trua av rusmisbruk, vald, auka press frå eit seksualisert og valdeleg mediebilete, fråskiljing, tidsklemma og auka forskjellar. Aldri har ungdomen blitt forsøkt påverka frå så mange kantar som no.
Haram kommunen må ikkje gje opp ungdommen!
Altfor mange ungdommar fell utanfor samfunnet. Statistikk frå NAV viser at dersom ein mottar sosialhjelp som 18-åring, er det 45% sjanse for at ein gjer det også som 25-åring. Det skal – og må – Haram kommune motarbeide.
Fylkeskommunen må opne att tanhelseklinikken på Haramsøy!
På sytti- og åttitalet vart det bygd eit helsehus på Haramsøy med plass til to legar, rom for heimebasert omsorg og lokal for fylkeskommunal folketannrøkt. Her var det gjennom mange år ein tannlege til han vart sjuk og måtte slutte.
Haram Venstre vil ha svømmenhallen på Eidet
Vi er langt på overtid på å restaurere/bygge ny hall for svømmehall til idrett, helse og opplæring på Nordre Sunnmøre. Haram Venstre mener denne nye svømmehallen må ligge på Eidet i forbindelse med nye Eidet skole.
Ordførerkandidaten frykter for liv og helse
Haram Venstres ordførerkandidat og nyvalgt fylkesleder i Skolenes landsforbund Møre og Romsdal, Christian Holstad Lilleng, er redd for liv og helse når han får meldinger om at lærerne blir presset til å få innvandrerne med dårlig språkferdigheter gjennom videregående skole.
Fem skoler – tre kirker?
Vatne kirke ble bygget i Vatne og Skodje prestegjeld i 1868, Hamnsund kirke i 1875 i Borgund sogn, Fjørtoft kirke i Haram sogn i 1878 (men ble i 1914 eget kapelldistrikt), Hildre kirke som kapell i Haram sogn i 1934, Lepsøy bedehuskapell i Haram sogn i 1896/1956, Haram kirke i Haram sogn i 1838, og til slutt Brattvåg arbeidskirke i Vatne prestegjeld i 1977.
Strukturen i helse-Haram må oppdateres
Folkehelsearbeid, tjenester utenfor eget hjem, tjenester i eget hjem, boformer med og utan bemanning (bofelleskap og bokollektiv), spesialisert korttid i institusjon/bustad og faste langtidsplasser i institusjon/bustad. Det er den såkalte Omsorgstrappen kort oppsummert.