Vestland er eit næringslivsfylke i særklasse. Næringslivet i Vestland og på Vestlandet elles er leiande på nær sagt alle område som skal skape grunnlaget for nye grøne arbeidsplassar, berekraftig verdiskaping og busetjing i by og bygd i framtida.
No er det nyskapande og lokalt eigde Vestlands-næringslivet under sterkt press. Regjeringa og SV sin skattepolitikk gjer det systematisk vanskelegare å drive bedrifter med lokalt eigarskap, og å utvikle kunnskapsintensive arbeidsplassar for unge folk med høg utdanning.
Nye ekstra særskattar på viktige Vestlands-næringar som havbruk og fornybar energi har bremsa opp investeringsevna i desse næringane. Det rammar Vestlands-næringslivet på brei front. Samtidig legg regjeringa sin endra politikk for statlege arbeidsplassar opp til å straffe byar som Bergen, Stavanger og Ålesund, slik at utviklingskrafta på Vestlandet blir ytterlegare svekka.
Vestland Venstre meiner det no er heilt nødvendig med eit «Vestlands-opprør» mot ei regjering som systematisk svekkar Vestlandet si utviklingskraft, med mellom anna følgjande krav til rask kursendring frå regjeringa:
- Den ekstra arbeidsgivaravgifta på kunnskap og kompetanse må avskaffast frå og med 2024.
- Skattetrykket på bedrifter med norsk og lokalt eigarskap må reduserast frå og med statsbudsjettet for 2024.
- Det må snarast innførast meir treffsikre ordningar med straumstøtte for bedrifter som slit særskilt med høge straumrekningar. Regjeringa sine fastprisavtaler treff ikkje behova for dei fleste bedrifter.
- Vestland må raskast råd sikrast nok fornybar energi til å gjennomføre nye større grøne industrisatsingar i tråd med planane i «Grøn region Vestland», mellom anna gjennom kraftig forsert utbygging av flytande offshore vindkraft, utbygging av CCS-anlegg i Bergens-regionen, meir fleksibel bruk av kapasiteten i nettet og forsert nettutbygging.
- Regjeringa må snarast legge fram den grøne maritime omstillingspakka som er varsla i hurdalsplatforma, med tydelege utsleppskrav og verkemiddel som stimulerer til klimavenleg omstilling av skipsfarten og ulike fartøyflåtar.
- Bergen og andre Vestlands-byar må fjernast frå regjeringa si nye liste over byar som ikkje skal satsast på når det gjeld utflytting av statlege arbeidsplassar.
- Regjeringa må stille klare, talfesta krav om fleire staduavhengige stillingar i alle statlege direktorat og andre etatar med hovudkontor i Oslo.
- Viktige samferdsleprosjekt for å binde saman Vestlandet på land og sjø, som K5 Bergen-Voss, Stad Skipstunnel og vidare utbygging av E39 med samanhengande gul stripe, må gjennomførast og få like høg prioritet av regjeringa som dei enorme infrastrukturinvesteringane i Oslo-regionen.
- Snarast leggje daudt forslaget frå det regjerimngsoppnemnde ekspertutvalet om nytt inntektssystem for fylkeskommunane, som systematisk tappar vestlandsfylka for ressursar.