Inflasjon og urolege økonomiske tider påverkar tilbod og kapasitet i helseføretaka framover. Det er krevjande for helseføretaka å gjere naudsynte prioriteringar for å få kontroll på økonomien, og dei blir bedne om å kutte ned i sine tilbod. Sjukehusa må sikre god behandling og oppfølging av pasientane og deira pårørande, og samstundes behalde dei dyktige fagfolka i tenestene.
Her ligger kjernen i utfordringa. Det handlar om å rekruttere og behalde fagfolk. Norsk Sykepleierforbund har lenge påpeika at det manglar fagfolk i helsetenestene. Det er på tide at vi gjer noko med dette.
Mangel på jordmødrer og gynekologar gjer at helseføretaka må gjere om på prioriteringar på grunn av mangel på fagfolk. I ei tid der sjukehusa også må gjere harde økonomiske prioriteringar vil det utan tvil gå ut over helsetilbodet til gravide kvinner. Fødetilboda blir sentralisert, og alternative fødeklinikkar nedlagt eller får redusert opningstid.
Vestland Venstre vil:
- Oppretthalde nære helsetenester for gravide og dermed gi auka tryggleik, ikkje berre for den gravide, men også for heile familien. Det minskar også faren for traumatisert fødsel.
- Oppretthalde helsetilbod på forsvarleg fagleg nivå for gravide og fødande i deira nærmiljø. Herunder oppfølging av kommunejordmor eller fastlege under svangerskap, fødetilbod og oppfølging av helsesjukepleiar i barseltid.
- Legge til rette for at fleire jordmødrer får naudsynte rammer til å bistå i heimefødsler der det er helsemessig forsvarleg.
- Arbeide for å behalde alternative fødeklinikkar dersom det er mogleg å drifte det totale fødetilbodet forsvarleg.
- Sikre tettare oppfølging frå jordmor etter fødsel, fortrinnsvis den same jordmor som tok imot barnet.
- Legge til rette for at fødeklinikkane må kunne gjennomføre heimebesøk. Det bør vurderast om ei slik løysing kan realiserast med jordmødrer tilsett i full stilling fordelt på 50% stilling i kommunehelsetenesta og 50% stilling i helseregionforetaket.
- Be helseføretaka vurdere ønsketurnus for tilsette, og vurdere 12 timars helgevakter der det er hensiktsmessig, slik at ein klarer å behalde dyktige fagfolk.
- Sikre kvinna valfridom i val av fødestad, også på tvers av helseregionane sine grenser.
- Sikre drift i alle noverande fødeklinikkar og fødeavdelingar, utan redusert opningstid og sommarstenging
- Auke grunnløna for sjukepleiarar