Det er Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo som har stilt skrifteg spørsmål til kommunal- og distriksminister Sigbjørn Gjelsvik 2.mars.
Bjørlo begrunner spørsmålet slik:
«Møre og Romsdal fylkeskommune varslar no massive kutt i ferjetilbodet på dei aller fleste fylkesvegferjestrekningane, som følgjer av dårlegare fylkesøkonomi. Fylket seier sjølv at kutta er dramatiske, og vil gå ut over både næringsliv, jobbpendlarar og born og unge i distrikta sine høve til å delta i fritidsaktivitetar på line med andre.
Kuttet som no i fyrste omgang blir varsla i Møre og Romsdal er 200 millionar kroner, som er nøyaktig same sum som Kommunalministereren no vil bruke ekstraordinært på å splitte opp Ålesund og gjenopprette ei gammal kommune.
Samtidig har Støre-regjeringa brukt store beløp på å gjere ferjestrekningane det no blir kutta i ruter på, gratis. Det var då sagt at dette skulle vere ei reell styrking av økonomien til fylka for å tilby både gode og gratis ferjetilbod. No ser vi at dette ikkje er tilfelle: Ferjene har blitt gratis – men dei vil samtidig gå sjeldnare enn før. Etter underteikna og Venstre sitt syn er dette totalt feil prioritering.
Det viktigaste må etter underteikna og Venstre sitt syn vere at ferjene går – og at det er gode rutetilbod i distrikta i størst mogleg del av døgnet. Om ein har råd til å gjere dei gratis i tillegg er sjølvsagt det kjekt – men det framstår som dårleg distriktspolitikk å la folk og næringsliv på kysten få færre ferjeruter, sjølv om desse hadde vore aldri så billige å reise med dersom dei enno hadde gått.
Eg vonar difor at Kommunal- og distriktsministeren opnar for at Møre og Romsdal og andre kystfylke kan flytte pengar frå å gjere ferjene gratis til å halde oppe dei rutene som er nødvendige for eit godt kvardagsliv og blømande næringsliv i distrikta.»
Gjelsvik har no to veker på seg å svare Bjørlo.
Bli medlem av Haram Venstre! (Klikk her)