Kinn Venstre hadde årsmøte for 2022 den 2. mars 2023. Denne gangen var møtet i Florø, med moglegheit for deltaking også digitalt.
Det var godt frammøte til årsmøtet, av både nye og mangeårige medlemmar.
Fylkesordførarkandidat Åsta Årøen og stortingsrepresentant Alfred Bjørlo hadde engasjerte innlegg om fylkesvalkamp og arbeidet i Stortinget.
Vigdis Tonning var med som gjest frå Sunnfjord Venstre.
Tidlegare på dag var Åsta Årøen, Jacob Nødseth og Edvard Iversen på møte med elevar, lærarar og leiinga på Flora vidaregåande skule og på KURS KF (som driv med integreringsarbeid i Kinn kommune).
Årsmøtet valde slikt styre:
Hilmar Eliasson, leiar
Edvar Iversen, nestleiar
Klaus Iversen, kasserar
Silje Jansen Nybø
Lasse Seim
Anne Marit Seljeseth
Torstein Hagen
Njål Hopen Eliasson
Jan Henrik Nygård
1 vara: Rune Otto Nilsen
2 vara: Rune H. Nygård
3 vara: Gunnhild Bjelland
(Gruppeleiar Jacob Nødseth tiltrer styret med tale- og forslagsrett.)