– Eg vil takke nominasjonsnemda for framifrå arbeid, og heile laget for tilliten. Eg gler meg til valkamp med Anita og resten av den gode lista, som dekkjer heile vår langstrakte, fantastiske kommune, seier Jon Frogner, ordførarkandidat og leiar i Stad Venstre.
Årsmøtet i Stad Venstre 29. januar valde å utsette nominasjonsmøtet til 2. mars for å nytte tida til å lage ei best mogleg liste, innan fristen 31. mars.
– No har vi maks antall listekandidatar, det vil seie 37 personer. Vi har 15 kvinner, 40,5% av lista, og vi har åtte ungdomar som er 25 år eller yngre! Det utgjer 21,6 %, noko som gjer at vår liste til kommunevalet til hausten har desidert flest ungdomskandidatar!, seier Webjørn Moa, leiar av nominasjonsnemda.
Om lag halvparten av Stad Venstre sine politikarar i kommunestyregruppe tek gjenval, blant dei Anita Otneim Hoddevik, på kumulert andre plass:
– Lista er ei god blanding av erfarne politikarar og mange nye spennande namn. Eg takkar for tilliten frå valnemda og laget, og ser fram til å gjere ein god politisk innsats for heile kommunen.
Svein Rotevatn frå Nordfjordeid står på 3. plass, Kristianne Nore frå Bryggja på fjerde og Rune Helge Sunde frå Nordfjordeid på femte.
Det nye konstituerte styret i Stad Venstre er: Jon Frogner leiar, Webjørn Moa nestleiar, Marilyn Osmundsvåg skrivar, Stig Gunnar Myren kasserar, Anne-Britt Andersen opplæringsansvarleg.