PRESSEMELDING 28.02.23
Tema: Fylkesårsmøte 2023, Møre og Romsdal Venstre
Dato årsmøte: 4. og 5.mars
Stad: Kristiansund
Kontaktpersonar: Ragnhild Helseth, 95804889, [email protected]
Annika Brandal, 40840900, [email protected]
Fylkesårsmøte 2023 for Møre og Romsdal Venstre er lagt til Kristiansund 4. og 5. mars på Thon Hotel Kristiansund. Årsmøtet får besøk av medlem i Stortinget sin næringskomité Alfred Bjørlo og sentralstyremedlem Solveig Schytz. Hovudsak på årsmøtet vert slutthandsaming av valprogram for fylkestingsvalet 2023.
Det er 59 påmelde til fylkesårsmøtet, med 49 delegat, observatørar og gjestar.
Forslag til valprogram har vore til handsaming i lokallaga, og programkomiteen har fått inn mange forslag som årsmøtet skal ta stilling til. Vi ser fram til gode debattar.
Innleiar til generell politisk debatt laurdag vert vår førstekandidat til fylkestingsvalet Pål Farstad. Han er vel kjent i Møre og Romsdal, bosett i Kristiansund og oppvekst i Ålesund, tidlegare stortingsrepresentant og no som fast representant i fylkesutvalet i inneverande periode.
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo er klar for sitt innlegg om politikk og kommunikasjon etter lunsj. Bjørlo er valt inn frå Sogn og Fjordane valdistrikt, men kjenner også Møre og Romsdal godt. Han er tidligare ordførar i Stad kommune. Som næringspolitikar er han svært tydelig og aktiv i debattar anten det gjeld gründerar, forhold for næringsdrivande og for landbruk, og han har en tydelig distriktsvinkling i si forståing av politiske utfordringar.
På vegne av sittande styre i Møre og Romsdal Venstre ønsker vi alle inviterte gjestar, delegat, observatørar og media velkomen til fylkesårsmøtet 2023!
Vennlig helsing
Ragnhild Helseth
Fylkesleder
Møre og Romsdal Venstre
Sentralstyremedlem Solveig Schytz