Vestlandet er bygd nedanfrå. Smarte hovud og flittige hender har bygd verdiar, arbeidsplassar og gode lokalsamfunn stein for stein. Lokalt, mangfaldig og langsiktig eigarskap er kjenneteiknet på Vestlands-næringslivet.
Dette blir no sett i spel av Ap/Sp-regjeringa med Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum frå Stange på Hedmarken i spissen. No går alarmen blant små og mellomstore norskeigde bedrifter i alle bransjar.
For i ei vanskeleg tid for alle, gjer regjeringa kvardagen stadig vanskelegare og framtida stadig meir uføreseieleg for Vestlands-bedriftene.
Etter snart halvanna år med høge straumprisar, har regjeringa enno ikkje kome opp med ordningar som monnar for å hjelpe bedriftene. Hushaldningane har for lengst fått støtteordningar i milliardklassen. Det same har Senterpartiet si utvalde favorittnæring der Vedum sjølv har sin bakgrunn: Landbruket.
Det er bra, men det hjelper ikkje alle dei andre små og mellomstore bedriftene som blir råka på same måte som landbruket. Venstre og andre parti på Stortinget har løfta saka i over eit år, men så langt til ingen nytte. Regjeringa og deira støttehjul SV seier nei til å hjelpe norske bedrifter ut av straumpriskrisa på ein måte som monnar.
Samtidig blir lokalt eigarskap straffa hardare år for år gjennom auke i formuesskatt, verdifastsetjingsgrunnlag og utbyteskatt. Det er verdiar som i dei fleste Vestlands-bedrifter ikkje står på feite bankkontoar, men «ligg i veggane» i fabrikklokale, maskiner og utstyr.
Her forlangar finansminister Vedum at Vestlands-bedriftene skal hente dei ut stadig større varige verdiar i sine lokalsamfunn på magisk vis, gjere dei om til kontantar og flytte dei til ein bankkonto i Oslo. Som ein bedriftseigar i ei familieeigd tradisjonsbedrift i Bergen nyleg sa det: «Vi må låne penger for å betale skatt på penger vi ikkje har.»
På toppen av alt har regjeringa valt å gå til frontalangrep på to av dei mest særmerkte og lønsame distriktsnæringane på Vestlandet: Havbruksnæringa og vasskraft/ fornybar energi. Begge desse distriktsnæringane fekk som lyn frå klar himmel ekstraskattar i mange milliardar-klassen i årets statsbudsjett – medan superlønsame næringar i Vedums nabolag i Oslo som eigedomsbransjen går fri.
Det gjer at investeringane i desse store Vestlands-næringane no står i stampe, med alvorlege følger for hundrevis av leverandørbedrifter i andre bransjar i nær sagt kvar minste bygd. I tillegg til bremsar det heilt nødvendig utbygging av meir fornybar energi med mellom anna opprusting av gamle vasskraftverk.
Venstre vil ha slutt på Vedums politikk for å velte Vestlandet. Vi vil gjere livet lettare for dei bedriftene som er norsk og lokalt eigde, ikkje straffe dei med fleire særskattar som utanlandske eigarar og statleg eigarskap slepp. Venstre vil hjelpe bedriftene ut av straumpris-krisa, og vi vil ha på plass skattemodellar for havbruk og fornybar energi som får ny fart på Vestlandet, ikkje stoppar oss opp.
Vedum og Støre kan ikkje få lov å velte Vestlandet si framtid: Kampen for småbedriftene og det lokale eigarskapet er kampen for Vestlandet si sjel!