Nye krefter i lokalpolitikken
Eit generasjonsskifte er på gang i lokalpolitikken i Bjørnafjorden. Nye krefter med eit nytt blikk på korleis vi skal videreutvikla Bjørnafjorden og laga dei beste vilkåra for eit inkluderande, levande og skapande samfunn. Bjørnafjorden Venstre ønskjer å legga til rette for innbyggarane, uavhengig av økonomiske føresetnader og menneskelege eigenskapar.
Det handlar om kven vi vil vera sett utanfrå. Vi ønskjer ikkje at Os og Fusa skal vera kjent som einaste stad i landet med tiggarforbod og stadige påminningar frå statsforvaltaren om kva som er best for allmennheita i strandsona. Bjørnafjorden er i sterk vekst, det må satsast på gründerar og næringsliv og å auka mengda av arbeidsplassar. Når kommunen skal spara, må vi ikkje kutta i det som verkeleg kan gje verdiar, vi vil ha på plass ei solid og trygg næringsavdeling i det offentlege.
Næringsliv og arbeidsplassar gir inntektene til kommunen. Skular og barnehagar både dannar og utdannar, og bidrar til ein saumlaus kvardag for foreldre. Kulturlivet gir oss perspektiv og meining. Og utan ein mangfaldig natur mister vi etter kvart sjølve livsgrunnlaget.
Ole Reinert Berg-Olsen, 1. kandidat
Eg har fire hjartesaker eg vil jobba ekstra for, og som eg meiner er viktige for å skapa betre levevilkår for innbyggarane i Bjørnafjorden.
- Gode oppvekstvilkår – Skule, fritidsaktivitetar, arenaer og tilbod for å unngå utanforskap blant unge.
- Næring – Kommunen må leggja til rette for dei som vil skapa arbeidsplassar. Både gründerar og større bedrifter som vil etablera seg her, må oppleva at det er gjennomførbart og velkome. Dette vil gje auka aktivitet og skapa store verdiar i kommunen.
- Kultur – Livet er fattigare utan eit rikt kulturliv og kulturopplevingar som gjer det meir attraktivt å bu i kommunen vår.
- Miljø – Bjørnafjorden må vera ein berekraftig kommune som baserer sine val på faktakunnskap om klima- og miljøspørsmål.
Bjørnafjorden er Noregs vakraste kommune! Eg har lenge hatt lyst til å bidra i lokalpolitikken fordi eg vil vera med på å påverka og gjera kommunen til ein bra stad å leva.
Ole Reinert Berg-Olsen, 1. kandidat
Linda Bolstad Strønen, 2. kandidat
Som 2. kandidat for Bjørnafjorden Venstre ønskjer eg å bidra til ein berekraftig vekst i kommunen som gjer det til ein bedre plass å bu, og der ein lyttar til innbyggarane.
Eg vil jobba for ein inkluderande kommune med gode kulturtilbod, trygg oppvekst og verdig omsorg. Ein kommune med fokus på næring og gründerar som gir både varierte og trygge arbeidsplassar. Ein kommune som tek vare på miljøet, tenker langsiktig og er uredd for å ta stilling og markera seg som ein framgangskommune.
Bjørnafjorden Venstre har nominert følgjande kandidatar:
- Ole Reinert Berg-Olsen, 1982
- Linda Bolstad Strønen, 1984
- Olav Lønheim Tveitnes, 1978
- Ane-Ingeborg Bakken-Simsø, 1987
- Kristian Notland Harnes, 1984
- Astrid Dale, 1953
- Maja Sandvik Olsen, 1989
- Bram Timmermans, 1981
- Arild Hjemdal Heggland, 1967
- Vegard Strønen, 1988
- Anne Irgens-Hagevik Hatlevik, 2005
- Torodd Kinn, 1967
- Henrik Johannessen, 1976
- Frida Fredriksen Stang, 2005
- Anne Elisabeth Røttingen, 1957
- Håvard Haugland, 1974
- Helge Kjellevold, 1949
- Lene Kristin Notland Harnes, 1985
- Ståle Nordås, 1981
- Arnljot Berge Stang, 1961
- Tore Rykkel, 1957
- Ragnhild Holmefjord, 1953
- Margrethe Håvarstein, 1951
- Torjus Egge Døsen, 1984
- Egil Haugland, 1947
- Sveinung Stensletten, 1960