Onsdag 1. februar gjorde styret i Helse Møre og Romsdal vedtak om å legge ned Mork rehabiliteringssenter. Fredag 3. februar varsla finansministeren i ei pressemelding at regjeringa jobbar med ei pris- og lønnsjustering av statsbudsjettet for 2023. Den vil kome i samband med revidert nasjonalbudsjett i mai i år.
– Vi varsler dette tidlig slik at offentlige virksomheter og andre som mottar penger over statsbudsjettet kan planlegge året på en god måte. Det vil fortsatt være et stramt budsjett, men vi må unngå at virksomhetene må kutte som en følge av de endrede forutsetningene, sa finansministeren ifølge pressemeldinga frå regjeringa.
Denne uttalen er i praksis ei innrømming av at det ikkje har vore løyvd nok pengar til mellom anna kritiske helsetenester. Vi meiner at dersom løyvingane til helseforetaka hadde vore tilstrekkelege i utgangspunktet, er det god grunn til å tru at helseforetaket ikkje hadde blitt pressa til å ta ei avgjerd som både er uklok og lite framtidsretta.
Det har altså vore ei reell underfinansiering av helseforetaka. Den utløysande faktoren for vedtaket om nedlegging, er det omfattande renovasjonsbehovet av lokala til Mork rehabiliteringssenter og naudsynt investering i oppgradering for eventuell vidare drift. Vi meiner det er naudsynt å finne løysingar som gjer at dyre investeringar ikkje må takast over drifta til helseforetaka. Slik ordninga er no vil dette kvele drifta og auke sjansen for fleire liknande vedtak i framtida.
Styret i Helse Møre og Romsdal såg altså ingen annan utveg enn å legge ned Mork Rehabiliteringssenter, i all hovudsak grunna økonomien i helseforetaket. Det betyr ei rasering av ei unik fagkompetanse og reduksjon i antall plassar innan rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Ei rekke andre forslag om reduksjon i tenester til pasientane i helseforetaket er også lagt fram, og årsaka er den same, økonomi.
Gjennom snart 50 år har Mork Rehabiliteringssenter vore eit viktig tilbod til pasientar etter alvorlege skader og sjukdom. Gjennom snart 50 år har pasientar fått lære seg ein ny kvardag etter alvorleg skade eller sjukdom. Dei tilsette sit på ei unik kompetanse, som har tatt tiår å bygge opp.
I tillegg til kompetansen, ligg også omgjevnadane på Mork til rette for at pasientane skal ha best mogleg utbytte av behandlinga.
Det smertar oss å sjå at dette viktige tilbodet no kan bli vekk ved å legge ned Mork Rehabiliteringssenter. Ti av plassane er foreslått flytta til fys.med. i Ålesund, fire plassar skal erstattast med plassar på pasienthotell, medan fire plassar vert kutta heilt. I ei tid med aukande tal eldre innbyggarar, er ein reduksjon i rehabiliteringsplassar heilt feil veg å gå!
Dei tilsette og kompetansen deira vert ikkje med på flyttelasset, dessverre. Rekruttering vil ta tid, og det vil ta fleire år å bygge opp igjen denne kompetansen. Rehabilitering i kommunen og i spesialisthelsetenesta må utfylle kvarandre. Den spesialiserte rehabiliteringa må oppretthaldast samtidig som det eksisterande rehabiliteringstilbodet vert vidareutvikla, og behovet for rehabilitering på alle nivå er aukande. Det er ikkje alle skader som kan behandlast ambulant eller poliklinisk. Ved ein reduksjon i tilbod og kompetanse, vil fleire pasientar trenge meir hjelp i kommunane, og det vil føre til større utfordringar både for pasientane og kommunane.
Både nedlegging av Mork og dei andre forslaga om reduksjon i tenester til pasientane i helseforetaket gir oss store utfordringar i tida framover, og det fordi ein må gjere innsparingar i pasienttilbodet grunna bygging av nye sjukehus og behov for nytt utstyr i sjukehusa. Investeringar må ikkje gå på bekostning av pasienttilbod, dette må endrast! Vi treng gode tenester til pasientane med den beste kompetansen, i gode bygg, med rett utstyr!
Vi ber om at Stortinget tar ei revurdering av vedtaket om Mork. Med bakgrunn i forventa auke i overføringar til helseforetaket meiner vi at rammene for vedtaket er endra etter at vedtaket vart gjort. Vi treng Mork, vi treng kompetansen og vi treng kapasiteten i antall plassar!
Venstrelaga på Søre Sunnmøre
Annika Brandal, Hareid
Are Folkestad, Ørsta
Brynhild Lund Notøy, Volda
Lena Landsverk Sande, Vanylven
Berit Lyngstad, Ulstein
Joakim Eiksund, Herøy