På programmet stod besøk hos Knut Flakk og Flakk gruppen. Vi fekk eit kort historisk tilbakeblikk frå starten med barnevognproduksjon fram til dagens selskap. Han vekla nøkkelverdiar som samfunnsutvukling, berekraft og miljø. Det var svært interessant å høyre Flakk sine tankar kring rammevilkår for norsk næringsliv, både når det gjeld omstilling til fossilfri energi og skatt på arbeidande kapital.
Vidare fekk vi møte Anne Berit Støyva Emblem og Pål Høyberg frå Sunnmøre Friluftsråd på eit av fylkets første statleg sikra område på Stafsethneset. Her blei det god prat rundt bålet om regionsamarbeidet i fylket rundt suksessen STIKK UT-turar, arbeidet med statleg sikring og organisering av friluftsrådets mange prosjekt, som td skjergardstenesta med strandrydding og Slå på ringen – uteleik for betre folkehelse. Eit tilbod som vert gitt til barnehagar, skular og SFO.
Sula kommune ved ordførar Jim Arve Røssevoll og kommunalsjef Jørn Agersborg presenterte planane for felles avløpsrenseanlegg for kommunane Sula og Ålesund på Kvasneset i Sula. Manglande oppfylling av krava til renseanlegg gjer at begge kommunene i prinsippet har heilt eller delvis byggeforbod. Vatn og avløp er tenester innbyggjarane betalar for etter sjølvkostprinsippet. Med store og kostbare anlegg vert prisen til innbyggjarane høg. Kanskje er det på tide å sjå nærare på reglane rundt avskriving og finansiering.
Etter eit godt måltid på kafeterianen på Devold-fabrikken var det duka for ope møte på same stad. Til møtet kom det deltakarar frå lokallaga i Sula, Sykkylven og Ålesund og nokre andre interesserte (nysgjerrige, som ein av dei presenterte seg som) Her fekk vi høyre frå organisasjonen Vern om Sula, om korleis dei arbeider for å få ta vare på viktige verdiar i lokalsamfunnet og få fram fakta. Bakgrunnen for at organisasjonen starta opp var planane om gondol til Sulafjellet og ønske om ein betre involvering av lokalsamfunnet.
Det blei også tid til orientering frå Alfred om kva som skjer på nasjonalt plan og i næringspolitikken. Og sjølvsagt nokre ord om listestilling og aktuelle lokale saker til haustens lokalval.