Programkomiteen har jobba med program for fylkestingsperioda 2023-2027 det siste halvåret, og legg no fram førsteutkastet for høyring blant lokallag, medlemmar og sideorganisasjonar.
Vi håper mange vil engasjere seg i debatten om politikken for Møre og Romsdal, og kjem med forslag til programmet.
Førsteutkastet er sendt alle lokallag og medlemmar, og frist for innspel til er tysdag 31. januar.
Innspela skal leverast på eige Google-skjema (link).
Programkomiteen kjem med andreutkast til programmet 15. februar, før vi alle møtes for fylkesårsmøtet i Kristiansund 4.-5. mars for endeleg handsaming.
Godt programarbeid!
Har du spørsmål?
Ta kontakt med
Are Folkestad
fung. leiar programkomiteen
[email protected]
Annika Brandal
sekretær, fylkesstyret
[email protected]
I mangel på bilde av programkomiteeen, blei det eit bilde av Møre og Romsdal Venstre sin delegasjon på Venstre sitt landsmøte hausten 2022 her.