Det seier Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant og medlem i Næringskomiteen på Stortinget, i samband med at regjeringspartia og SV i budsjettforliket foreslår å kutte 280 mill kr i øyremerka postar til energisparing i boligar. I staden blir den generelle ramma til ENOVA styrka med 850 mill NOK, men ikkje øyremerka til energisparing i hus. Dermed vil høgst truleg pengane bli brukt til andre ting enn å hjelpe folk flest med å spare straum.
– Venstre er sterkt imot budsjettkameratane sitt ENØK-kutt. Venstre krev at minst 480 av dei 850 mill NOK ekstra til ENOVA blir øyremerka støtte til ENØK og andre tiltak for å spare straum for folk flest. Det kan Stortinget bestemme utan å endre budsjettavtalen – dersom Ap, Sp og SV er med på det. Tida er inne for å satse meir på ENØK og straumsparing til folk flest, ikkje mindre, seier Venstres Alfred Bjørlo.
Stortinget skal måndag 12. desember votere over om minst 480 mill kr av pengepotten til ENOVA skal øyremerkast støtte til ENØK og andre energitiltak retta mot folk flest, slik Venstre foreslår saman med MDG, Krf og Rødt.