– Eit allereie nyskapings-og framtids-fiendtlig statsbudsjett har blitt endå verre. Det er uforståeleg at regjeringspartia og SV kuttar i breibandsutbygging i ei tid kor digitalisering er viktigare enn nokonsinne for å få fart på næringslivet, effektivisere offentleg sektor og hindre digital utanforskap. Det seier Venstres medlem i Næringskomiteen, Alfred Bjørlo.
– Over 80% av norske bedrifter seier allereie i dag at dei har liten eller ingen tillit til at regjeringa bryr seg om bedriftene sine rammevilkår. Det er ingen grunn til å tru at det talet vil betre seg etter denne budsjettavtalen – snarare tvert imot. Det er no meir grunn enn nokon gong til å slå alarm på vegne av det nyskapande Noreg. Denne budsjettavtalen er å ta Noreg baklengs inn i framtida, seier Alfred Bjørlo (V).