Under helgens nominasjonsmøte i vakre Molde ble Pål Farstad fra Kristiansund enstemmig vedtatt som Venstre sin førstekandidat til fylkestingsvalget. Lena Landsverk Sande, Vanylven som andrekandidat og vår egen Frank Stenløs, Molde som tredjekandidat.
Det ble utarbeidet en sterk liste med god spredning i alder, kjønn og bosted i fylket. Molde Venstre sine kandidater som ble representert på lista var tredjekandidat Frank Stenløs, 13. kandidat Hugo Tingvoll, 17. kandidat Niklas Sevland og 32. kandidat Kjell Johan Vatne. Hele lista finnes i bunn.
I tillegg til listestilling til fylkestingvalget ble det i helgen klargjort tre politiske utalelser.
16 år og rett til arbeid
Utklipp fra uttalelsen:
Møre og Romsdal er i landstoppen når det gjeld elevar som fullfører vidaregåande skule. Det er gledeleg at 9 av 10 elevar kjem seg gjennom heile løpet, for dette syner at fylket vårt har jobba godt og kvalitetsfokusert over tid. Elevane rapporterer høgare grad av trivsel og mindre mobbing. Læringsresultata viser at karaktersnittet ligg stabilt på eit høgt nivå, fleire vel yrkesfaglege linjer og vi ser at Møre og Romsdal er det einaste fylket som har auka talet på lærekontrakter dei siste fire åra. At institusjonane og næringslivet arbeider godt saman er ikkje minst ein viktig faktor for at vi skal lykkast med å behalde fleire av ungdomane våre i framtida. Samtidig som 9 av 10 fullfører, så er det 1 av 10 som ikkje gjer det. Venstre ynskjer no at fylket finn ut kvifor meir enn 300 elevar kvart år ikkje fullfører. Vi støttar Ungdomspanelet sitt ynskje om betre tilrettelegging i høve psykisk helse på alle vidaregåande skular. Psykisk uhelse påverkar trivsel og læring, og er bakgrunnen for at mange gir seg før løpet er fullført.
Bedre samhandling innen helse
Utklipp fra uttalelsen:
Bedre samhandling mellom ulike tjenestenivå, fag og sektorer er avgjørende for å utvikle bærekraftige helse- og velferdstjenester for fremtiden. Dette har vært et prioritert område på nasjonalt nivå, men vi er ikke i mål. Vi må fortsette med politisk trykk for å sikre at tjenester både innen somatisk og psykisk helse gir pasienten behandling som oppleves sømløs mellom tjenestenivåene.
Vi må bygge opp, utvide og synliggjøre flere tilbud som beskriver og tydeliggjør hvilke tjenester som kommunen har og tjenester som bør utvikles eller etableres.
Regjeringa sitt grunnrenteforslag er distrikts- og næringslivsfientlig
Utklipp fra uttalelsen:
Havbruksnæringa skal sjølvsagt betale skatt og avgifter på lik linje med andre næringar. Kommunar som gir tilgang på naturressursar må få auka kompensasjon for det, både når det gjeld havbruksnæringa, vindkraft, mineralar og vasskraft. Venstre har i mange år jobba for innføring av ein areal- og produksjonsavgift som skal kome vertskommunane til gode, og vi er samd i at regjeringa må vurdere ulike skatteordningar. I dag er det slik at havbruksnæringa betalar for vekst til staten, havbrukskommunane og fylka. I tillegg kjem produksjonsavgift til kommunane og fylka, innført i samarbeid med næringa. Å finne løysingar saman gir fleire gode svar. Regjeringa si totale overrumpling av både næringa og kommunane er svært uheldig.
Møre og Romsdal Venstre vil ha lokale arbeidsplassar. Vi ynskjer eit berekraftig, aktivt og variert næringsliv, og vil spele på lag med alle som vil vere med på å bygge heile landet.
Møre og Romsdal Venstre – liste til fylkestingsvalet 2023
Lista som pdf: Fylkestingsvalet 2023, Møre og Romsdal Venstre