Styret i Vestland Venstre har kalla inn til nominasjonsmøte for vallista til fylkestingsvalet i Vestland fylke laurdag 19. november.
Møtet arrangerast i samband med fylkessamling for Vestland Venstre same helg.
Nominasjonsnemnda vil offentleggjere si innstilling til liste kring månadsskiftet.
Møtet vert på Scandic Bergen City, same stad som fylkesårsmøtet var i februar.
Møteboka finn du her: Møtebok-nominasjonsmøteVV-22
Det er oppretta eit Facebook-arrangement for møtet/samlinga
Program
Laurdag:
11:30 – Registrering
12:00 – Møtestart
– Opning –
Innkalling, sakliste og program godkjennast
Namneopprop – sjå deltakarliste
Konstituering
13:00 – Lunsj
13:45 – Nominasjonsmøtet fortsett
Innstilling frå fullmaktsnemnda
Leiar av nominasjonsnemnda gjer greie for nominasjonsprosessen og innstillinga
Generell debatt på listeforslaget
Kandidatpresentasjonar og eventuelle støttetaler
Nominasjon
Vedtak av fullmakt til supplering
Val av tillitsvalde for lista
Appellar
15:30 – kaffepause
15:45 – Fylkesprogram ved Ole Martini
Programnemnda har lagt fram sitt førsteutkast. Frist for å kome med endringsforslag til dette utkastet er søndag 20. november, siste dag av fylkessamlinga.
Korleis skal vi dekke kraftbehovet, samstundes som vi tek vare på naturen? Kva skal innhaldet i skulen vere, og korleis hindrar vi fråfall? Korleis skal vi nå klimamåla vi har sett? Skal vi gå inn for ein parlamentarisk styringsmodell i Vestland?
17:30 – Sosiale parallelsesjonar
- Bybanevandring med Ingrid
- Vinsmaking med Heine
- Strikk m noko attåt
19:30 – Middag
Søndag:
10:00 – 11:30 – Alfred og Sveinung, kva kan stortingsrepresentantane skryte av sidan forrige oppdatering og kva kan dei bidra med for lokallaga?
11:30-12:15 – Lunsj og utsjekk
12:15 –14:00 Programarbeid og valkamp.
14:00 Kaffepause
14:15 – Lokale heltar
14:30 – Fylkestingsgruppa rapporterar om arbeid som pågår
14:50 – Avslutning
Nominasjonsmøtet er i følge vedtektene i utgangspunktet eit ope møte.
Lokallagsleiar pliktar å orientere medlemmene i sitt lag om innkallinga.
Lokallaga må i god tid før nominasjonsmøtet arrangere medlemsmøte for å velje utsendingar frå laget til nominasjonsmøtet i valkrinsen. Lokallagsleiar melder deretter fra om kven som er valde fra laget.
Påmeldingsfrist er 3. november
Påmelding for alle via denne linken: https://forms.gle/dhvYSiJKskSqQ1F58
I skjemaet gjer ein beskjed om overnatting o.a. Informasjon om prisar er sendt lokallagsleder og er oppgitt i påmeldingsskjemaet.
Spørsmål kan rettast til fylkesstyremedlem Elizabeth Toft Erichsen på epost [email protected] eller fylkesstyremedlem Kent Are Kjørsvik Petterson på epost [email protected]