«Svært interessant!. Eg er imponert!» Slik oppsummerte stortingsrepr. Alfred Bjørlo (V) etter å ha besøkt Haugen Maskinservice i Hornindal, Høgskulen i Volda, Vertikal Service i Furene og Vartdal Plast på Vartdal sist måndag.
Bjørlo som er medlem av næringskommiteen på Stortinget, meiner verksemdene er gode døme på kreativ og berekraftig satsing i ei tid der vi no er på full veg inn i den grøne omstillinga.
«Eg er også svært tilfreds med at vi kan vise til så framtidsretta og spennande verksemder i distriktsnorge,» meinte Bjørlo.
Besøket starta hos Haugen Maskinservice/Vest Biogass der Ronny Haugen orienterte om biogass-satsinga i Hornindal – eit areal på Raudemel der biogass vert produsert av dyreavfall frå lokale bønder og fiskeavfall frå oppdrettsnæringa. Arbeidet med anlegget er tenkt å starte til hausten. Byggetida er rekna til eitt år. Prosjektet er kostnadsrekna til knapt 94 mill. kroner, og vil i starten produsere biogass tilsvarande 15 GWh.
På Høgskulen i Volda fekk Bjørlo ta i augnesyn det nye og staselege mediabygget – «Sivert Aarflot-bygget». Rektor Johann Roppen og dekan Randi Bergum orienterte om status, utfordringar og framtidsplanar for denne viktige utdanningsinstitusjonen i regionen vår.
Deretter gjekk turen til Vertikal Service i Furene – eit firma med nær 100 tilsette som leverer tenester og utstyr for inspeksjon og tilkomstteknikk for verksemder innan olje/gass, vindkraft og vasskraft. Dagleg leiar Leif Røv og leiar for prosjektavdelinga Åsmund Våge gav ei grundig innføring om bedrifta – der havvind no kan bli eit nytt og interessant satsingsområde.
På Vartdal vitja Bjørlo Vartdal Plast som årleg omset for 1,2 mrd kroner – med nær 300 tilsette og anlegg fleire stadar i landet. Dagleg leiar Jan Endre Vartdal informerte om bedrifta og inviterte på omvisning i produksjonsanlegga.
Om kvelden deltok Alfred Bjørlo på eit regionalt Venstre-møte i Aasentunet saman med Venstremedlemmer frå Volda, Ørsta, Hareid og Ulstein.