– Venstres stortingsgruppe seier nei til regjeringa sitt forslag om å tvangsutskilje heile gamle Haram kommune frå Ålesund. Når saka no kjem til Stortinget, vil Venstre støtte vedtaket i Ålesund kommunestyre om berre å skilje ut dei delene av gamle Haram kommune der det er reelt ynskje om dette.
Venstre vil utfordre dei andre partia på Stortinget om å gjere det same, og støtte Ålesund og lokaldemokratiet i staden for Ap/Sp-regjeringa si tvangsutskiljing.
Det seier Venstres stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo. Bjørlo opplyser at saka om utskiljing av Haram frå Ålesund er drøfta på gruppemøte i Venstres stortingsgruppe, der det var full støtte til Ålesund kommunestyre i saka.
– Vi har fått ei regjering som ser ut til å nytte eit kvart høve til å stikke kjeppar i hjula for ei framtidsretta utvikling av Ålesunds-regionen, seinast med forslag om nedlegging av Eksportstrategirådet og Eldreombodet i Ålesund. No må regjeringa si plaging av Ålesund snart ta slutt. Venstre meiner sterke byar er viktige for regional utvikling over heile landet. Det minste nasjonale politikarar kan gjere no, er å sørge for at lokaldemokratiet i Ålesund blir respektert slik at ikkje fleire tusen innbyggarar blir kasta ut av nye Ålesund kommune mot si vilje, seier Alfred Bjørlo.
– Eg er glad for at Venstre i Ålesund får full støtte frå Venstre nasjonalt. Eit styrka lokaldemokrati må handle om at saker vert avgjort nærast mogleg den avgjerda gjeld for. Sp har i sterke ordelag kritisert forrige regjering for sentralisering og bruk av tvang. Når SP no har kome til makta er det visst viktigare å lytte til eigne fanasaker som td reversiering av kommunereforma, enn å lytte til dei folkevalde i Ålesund som sit med ansvaret for knapt 68 000 innbyggjarar og ønskjer å bygge ei kommune for framtida, seier Kari Grindvik i Venstre si kommunestyregruppe i Ålesund.
Kontaktinfo:
Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre, mobiltlf 480 82 652
Kari Grindvik, kommunestyrerepresentant for Venstre i Ålesund 997 05 856