Klart for Bygdepride-parade i Volda

Volda Venstre

Komande laurdag – 14. mai – er det klart for Bygdepride-parade i Volda med start frå den gamle idrettsplassen («Steinrøysa») ved Volda vidaregåande skule kl 15.00. Venstre støttar opp om dette arrangementet og har tinga eigen plass i toget. Alle medlemmer og sympatisørar i Volda og nærliggande kommunar vert oppmoda om å stille i paraden.
Det er venta at m.a. stortingsrepresentant Alfred Bjørlo og ordførar Lena landsverk Sande i Vanylven blir med på paraden.
Oppmøte på «Steinrøysa» kl 14.50. Vel møtt!