– Vi må sjå heilskapen i regjeringa si budsjettering før vi kan meine noko meir konkret om summane, sier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo
Uvisse rundt inndekning
– 10 milliardar er mykje pengar – og vi veit enno ikkje om regjeringa dekker dette inn med kutt på andre område, eller ved å auke oljepengebruken slik at renta går opp og både bønder og alle andre «får svi» i andre enden.
Viktig korleis pengane blir brukt
For Venstre er ikkje berre summen viktig – men også korleis pengane blir brukt. Når vi no skal ha tidenes største jordbruksoppgjer, har vi også tidenes sjanse til å endre kursen i norsk landbrukspolitikk.
– Vi må raskt omstille landbruket og frigjere bøndene frå å vere avhengig av kunstgjødsel og importert for. No må vi setje turbofart over til eit meir berekraftig landbruk bygd på lokale ressursar, større andel økologisk landbruk, meir variert småskala-produksjon og prioritering av små og mellomstore bruk.