VENSTRE må ta tak i utfordringane som næringslivet og bygge- og anleggsentreprenørane har pga særleg høge kostnader på drivstoff og andre nødvendige forbruksvarer og be om at regjeringa snarast ser på mogleg støtte til næringa før mange viktige arbeidsplassar går tapt!
Dei siste to åra har vore turbulente. I det pandemien slapp taket, kom invasjonen av Ukraina og skapte ny usikkerheit. Dette merkar vi både som innbyggarar og som næringslivsaktørar. Matvareprisane går opp, renta er på veg opp, straumutgifter har tatt av ( sjølv om vi på Vestlandet ikkje er hardast råka), og for næringslivet generelt og bygg- og anleggsbransjen spesielt, merkar dei no auken i pris på råvarer som sprengstoff, asfalt, rør, betong, stål og på drivstoff.
Ein tredel av av dei 380 medlemsbedriftene i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) i Midt-Norge fryktar å måtte permittere eller seie opp tilsette i nær framtid og ein tidel av dei fryktar snarleg konkurs.
Det er stor aktivitet i vår region og vi har mange små, mellomstore og store maskinentreprenørselskap. Dei melder at ulike prosjekt står no i fare for å verte utsett eller nedskalerte, noko som slår uheldig ut når det både skjer samstundes med og ikkje minst heng saman med raskt aukande kostnader.
Kommunene opplever stor pågang frå leverandørar for å få reforhandla eksisterande innkjøpsavtalar.
Konsekvensen av dette er auka kostnadar for ein allereie anstrengt kommuneøkonomi.
Bøndene som dyrkar grønsaker i drivhus slit med produksjon og mange må avvikle. Dei aukande prisane gjer det ikkje lenger rekningssvarande å halde aktiviteten i gang. Med tanke på matsikkerheit og matberedskap er vi avhengig av bonden i distriktsnorge.
Den einaste som har store ekstrainntekter som følge av denne situasjonen er staten, dette til tross kan det sjå ut som regjeringa set med hendene i fanget og ikkje tek dette på alvor.
Vedum unnlèt å møte MEF sentralt, medan distriktsnorge blør.
Det er difor viktig for alle partar å arbeide for at regjeringa kan kome på banen med ordningar for både kommunar og næringsliv.
Ålesund Venstre