I økonomiplanen for Volda kommune er det planlagt å fjerne 9 heildøgnsplassar ved Volda omsorgssenter. Det er i dag venteliste på sjukeheimsplassar, og i framtida vil behovet truleg auke. Volda Venstre meiner difor det er uklokt å fjerne desse heildøgnsplassane. Dette bør difor vurderast på nytt når ny plan for helse- og omsorgstenesta vert utarbeidd og budsjett skal vedtakast til hausten.
Volda Venstre støttar at alle skal få bu lengst mogeleg i eigen heim, men det er viktig å ta omsyn til avstand frå brukar til basane for heimetenestene. Vi må og ta omsyn til kommunane sine utfordringar som ei følgje av sjukehusa sin utskrivingspraksis.
Det er lange avstandar i Volda. Ferjer gjer det ekstra komplisert. Det skapar utfordringar for heimetenestene som skal yte hjelp heile døgnet. Volda kommune må planlegge tenestene slik at alle kan kjenne seg trygge. Ikkje alle har familie i nærleiken som kan hjelpe til.
Sjukehusa sin utskrivingspraksis har vist at utskrivne pasientar treng meir pleie og oppfølgjing no enn for ei tid tilbake, og omsorgstenesta har ofte kort tid på seg til å ta i mot pasientane. Dette skapar ekstra press på oppfølgjing og rehabilitering i institusjon.
Framskrivingar viser at det vert fleire eldre – og fleire vert deprimerte, noko som er ei ekstra utfordring. I framtida vert det behov for fleire heiltidsplassar.
Det er i dagventeliste på sjukeheimsplass. Volda Venstre meiner difor ein bør vurdere reduksjon av sjukeheimsplassar på nytt. Det er viktig å planlegge tenestene så alle kan kjenne seg trygge på at dei får adekvat hjelp, når behovet er der.
(Resolusjon vedteken på årsmøtet i Volda Venstre 29. mars 2022)