Uttale: Vindturbinar til havs. Forsking på konsekvensane

Foto: Dong Energy

Det er eit stort behov for meir forskingsbasert kunnskap for å handtere sameksistens mellom vindturbinar og fiskeri på ein god måte. Denne forskinga må skje før vi set i gang med store vindkraftverk til havs.

Politisk uttale vedtatt på årsmøtet i Møre og Romsdal Venstre 6. Mars 2022:

VINDTURBINAR TIL HAVS
– Forsking på konsekvensane av havvindturbinar

Det er eit stort behov for meir forskingsbasert kunnskap for å handtere sameksistens mellom vindturbinar og fiskeri på ein god måte. Denne forskinga må skje før vi set i gang med store vindkraftverk til havs.

Møre og Romsdal Venstre er ikkje imot at det vert etablert vindkraftverk til havs, men ein må vite at dette ikkje vil skade flora og fauna i områda der vindturbinane vert plasserte, og dermed òg vere til skade for fiskeria våre.

Vindturbinane må anten fundamenterast på botnen eller ankrast opp på relativt grunt vatn og ofte samanfalle med dei beste gyteområda og fiskebankane. Dette vil påverke botntilhøva. Vi veit òg at turbinane lagar lyd og kablane frå parkane skaper induksjonsstraum. Dersom dette påverkar plante- og dyrelivet negativt i eit aktuelt utbyggingsområde, må vindkraftverk ikkje byggast.