Her kan du lese heile Alfred Bjørlo sitt opningsinnlegg i interpellasjon til forskings- og høgare utdanningsministeren i Stortinget , 17. februar 2022:
President,
Regjeringa Solberg fekk i 2020 overlevert to rapportar som teiknar opp framtidas distriktspolitikk: NOU 2020:15 «Det handler om Norge», leia av Victor Norman og NOU 2020:12: «Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn», leia av Svein R. Brandtzæg. I begge rapportane blir trongen for reformar i det høgare utdanningssystemet og auka tilgang til kompetanse i distrikts-Noreg løfta fram som avgjerande for ein vellukka distriktspolitikk.
Utdanning sterkast effekt på flyttemønster
Utdanning er den enkeltfaktoren som har hatt sterkast sentraliserande effekt på flyttemønsteret i Noreg. Samtidig veit vi at trongen for meir utdanning og kompetansepåfyll gjennom heile livet berre vil bli større i åra som kjem. Ikkje minst i det nye, grøne distrikts-næringslivet som no skal vekse fram. Å legge betre til rette for meir fleksibel og desentralisert høgare utdanning – tilpassa folk, kommuner og lokalt næringsliv sine behov – må difor vere svaret, slik både Brandtzæg og Norman-utvalet slår fast. Og muligheitane til det har aldri vore betre enn i dag, på grunn av digitaliseringa av samfunnet i lynraskt tempo, ikkje minst dei to siste åra.
Å legge betre til rette for meir fleksibel og desentralisert høgare utdanning – tilpassa folk, kommuner og lokalt næringsliv sine behov – må difor vere svaret
Det som då er både interessant og urovekkande, er at desentraliserte utdanningar fram til i dag har hatt ein uklar plass i systemet for høgare utdanning. Det ligg ikkje noko eksplisitt finansiering av slike tilbod inne i finansieringssystemet for universitet og høgskular, og ikkje tydeleg definerte oppdrag for institusjonane i å bidra til nødvendig tilgang på utdanning og kompetanse i distrikts-regionar utan faste campus. Det finst ulike formar for «studiesenter» – men dei har uklar status i systemet, varierande og sviktande finansiering.
President, tida er overmoden for å rydde opp i dette, og få på plass ein tydeleg struktur og rammeverk knytt til organisering, finansiering og drift av den desentraliserte høgare utdanningsstrukturen.
Gjeld å få fingeren ut
Solberg-regjeringa tok viktige steg i riktig retning gjennom «Strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskoler, høyskoler og universiteter», lagt fram i juni 2021. Eg merka meg også at Hurdalsplattformen seier at: «Regjeringen vil legge fram en melding for Stortinget om distriktspolitikk, der anbefalinger gitt av Norman- og Brandtzæg-utvalgene blir fulgt opp». Alt dette er bra. Men det hastar. Alle er no tilsynelatande enige om at tida er inne for å rulle ut tydelegare struktur og rammeverk for fleksible og desentraliserte høgare utdanningstilbod i distrikta. Det gjeld berre å få den berømmelege fingeren ut og kome i gang.
tida er inne for å rulle ut tydelegare struktur og rammeverk for fleksible og desentraliserte høgare utdanningstilbod i distrikta
Sjå til Nordfjord
Eitt av dei initiativa eg då meiner er verdt å trekke fram, er «Studiehub Nordfjord», ein modell utvikla av næringslivet i Nordfjord i tett samspel med forskings- og høgare utdanningsinstitusjonar, regionale utviklingsaktørar, fylkeskommune og partane i arbeidslivet i Vestland. Kort fortalt handlar modellen om at StudieHub Nordfjord skal være tilbydaren som legg til rette for organisering av og strukturar for den desentraliserte utdanninga i regionen Nordfjord, og samhandlar med det offentlege, med utdanningsinstitusjonar, næringslivet og framtidige desentraliserte studentar.
Studiehub Nordfjord skal ikkje sjølv bygge opp og drifte utdanningstilbod, men ha oversikt over tilgjengelege og relevante desentraliserte tilbod i den nasjonale marknaden, og være aktøren som har dialog og skapar samarbeid med høgare utdanningsinstitusjonar og kurs- og kompetansehevande aktørar.
Modellen er meint som ein del av den offentlege «grunnfinansieringa» av høgare utdanning i Noreg, og som ein mulig nasjonal modell
Studiehub Nordfjord skal også ha nødvendig infrastruktur og fasilitetar for studentar i desentralisert utdanning, legge til rette for eksamenar og vere samlingsstaden som skapar eit studentmiljø for dei som studerer desentralisert i regionen, uavhengig av kva høgare utdanningsinstitusjon studenten er kopla opp mot og kva fag dei tar. Modellen er meint som ein del av den offentlege «grunnfinansieringa» av høgare utdanning i Noreg, og som ein mulig nasjonal modell. Gevinsten for høgskular og universitet vil mellom anna vere at den kan mobilisere mange fleire enn elles til å ta høgare utdanning. Samtidig vil næringsliv og kommunar i kvar distrikts-region vere «i førarsetet» i å rigge kompetansehevande utdanning etter dei lokale behova.
Hastar
President, eg seier ikkje at modellen Studiehub Nordfjord har lagt fram er «einaste vegen til himmelen». Poenget mitt er at det hastar. No er det utrulling av konkrete, strukturerte modellar for meir desentralisert, høgare utdanning som gjeld.
Eg ser fram til å høyre Statsråden sitt svar, og til godt tverrpolitisk samarbeid om å løfte distrikts-Noreg på kompetanse og høgare utdanning i åra som kjem. Det er ein avgjerande del av arbeidet med å bygge det nye, grøne og vekstkraftige distrikts-Noreg.