På onsdag sa Vedum på NRK Politisk kvarter at det er berre to fylke i Norge som er ønska: Trøndelag og Agder. Dette trass i at Vestland fylke er oppretta ut frå vedtak i fylkestinga i begge dei tidlegare fylka, og det er heller ikkje tatt noko initiativ frå Vestland fylkesting om å splitte opp att det nye fylket og vende nasen attende til gamle dagar.
Eg har no stilt følgande spørsmål til Kommunal- og distriktsministeren, for å få avklart om Vedum sin polemikk har støtte frå konstitusjonelt ansvarleg statsråd på området:
Er kommunal- og regionalministeren enig med finansministeren i at det ikkje var fleirtal i fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane for å opprette Vestland fylke?