Styret Bjørnafjorden Venstre 2022

Privat

Årsmøtet valde nytt styre med 16 år reduksjon i snittalder, fortel ny leiar, Kristian Harnes, og held fram:

Det har vore eit paradoks at Venstre har vore så stor i skuleval, 15% på Os gymnas, medan partiet hadde høgast snittalder på vallista i forrige kommuneval. No er det eit godt aldersspenn i rekkene. Tidlegare leiarar Astrid Dale og Sveinung Steinsletten er vararepresentantar, fortel Harnes.

Kommunesamanslåinga var mellom fleire aktuelle saker som vart drøfta tysdag.

Årsmøtet ba om tid og ro til å la kommunesammenslåinga «setja seg» før ein snakkar om reversering, fortel Harnes.

Nytt styre i Bjørnafjorden Venstre er Kristian Notland Harnes (leiar), Torodd Kinn, Ane-Ingeborg Bakken-Simsø, Bram Timmermans og Kate Odsylv Sundt.
Artikkel i Os & Fusaposten