Næringslivet er ei grunnleggande brikke i eit levande og berekraftig lokalsamfunn. Det skapar arbeidsplassar, genererer inntekter og gir viktige bidrag til lokal samfunnsutvikling. Det burde i seg sjølv vere nok grunn for Bjørnafjorden kommune til å sette næringsutvikling i fokus. I staden ser vi at medan våre naboar aukar satsinga, går Bjørnafjorden frå 2 til 0 stillingar i næringsavdelinga.
Bjørnafjorden Næringsråd stilte den 20. desember dette spørsmålet: «Hvem har kapasitet og kompetanse til å følge opp næringslivet?» Svaret er enkelt: Det kan ikkje og burde ikkje vere nokon andre enn kommunen.
Bjørnafjorden Venstre meiner at kommunen må forsikre lokalt næringsliv, og for den saks skyld Bjørnafjorden sine innbyggarar, om at dei tek næringsutvikling på alvor. Som næringsutviklar skal dei vere tenesteytarar til lokalt næringsliv, disponere økonomiske verkemiddel og tilby rettleiing og rådgiving til både nye og eksisterande bedrifter. Helst gjennom ei «one-stop-shop»-løysing der det er lett tilgang til informasjon.
Kommunen burde vere ein aktiv sparringspartnar for lokalt næringsliv. Dette skjer gjennom engasjement i felles utviklings- og omstillingsprosjekt. Dei skal vere til stades der næringslivet er, og forstå både utfordringar og moglegheiter dei står overfor.
Kommunen skal også vere ein døropnar og brubyggar for lokalt næringsliv ved å kople saman nye og etablerte bedrifter lokalt, nasjonalt og internasjonalt, trekke nyetableringar til kommunen og sørge for kunnskap og kapital til lokal næring. Det inneber også å bygge relasjonar til nærliggande kommunar, og regionale og statlege organ som Innovasjon Norge, Forskingsrådet, Siva, universitet og høgskular.
Og sjølvsagt skal kommunen halde fram forvaltarrolla som også vedgår lokalt næringsliv, primært som arealplanleggar og saksbehandlar.
Forsking publisert av kommunesektorens organisasjon tidlegare i år viser at der kommunane ser næringslivet som ei brikke i arbeidet for gode lokalsamfunn, i større grad lukkast med kommunal næringsutvikling. Ein må først anerkjenne næringslivet, så hauste.
Bergen og kringliggande kommunar, som også vart framheva av Bjørnafjorden næringsråd, er gode døme på korleis kommunal næringsutvikling gir resultat på vegner av samfunnet. Og at eksempelvis seks sunnhordlandskommunar har fått til ni årsverk som jobbar mot næringslivet, trass pressa kommuneøkonomi, viser at det er mogleg. I Bjørnafjorden er planen 0.
Vi treng ein konkret og offensiv næringspolitikk i Bjørnafjorden, ein politikk som koplar næringsliv, kunnskap og kapital. Det løyser vi ikkje ved å sette strek over næringsavdelinga.
Bram Timmermans
Kristian N. Harnes