Ordførarnettverket er Venstre sitt viktigaste organ for Venstre sine ordførarar og varaordførarar til å melde tilbake til organisasjonen om kva som rører seg i kommunane dei leiar. Dei hjelper også lokale folkevalde med å nå igjennom med saker som engasjerer lokalt. For Venstre og Venstres stortingsgruppe er nettverket ein verdifull ressurs og stortingsrepresentantane sitt viktigaste lyttepost.
– Å ha et slikt nettverk å sparre med, er svært viktig for oss som sit på Stortinget og for organisasjonen. Det er dei og andre lokale folkevalde som best veit kva som rører seg lokalt. Vi har fleire gongar nytta oss av deira kompetanse ved utforming av politikk som vi veit vil ha stor betydning for lokalsamfunna. Eg kjenner godt Torstein og Elisabeth og ser fram til at dei to no skal leie nettverket. Eg veit vi kjem til å ha mange gode diskusjonar, seier Venstreleiar Guri Melby, som var til stade på nettverksmøtet.
Stortingsrepresentant som fadder
Fadder for nettverket er nyinnvalt stortingsrepresentant Ingvild W. Thorsvik. Ho kjem til å fylgje med på nettverket sitt fortløpande arbeid. Thorsvik var også til stade no i helga. På landskonferansen blei den lange valkampen sparka i gong. Nå byrjar arbeidet fram mot lokalvalet i 2023. Eit val der ordførarnettverket blir heilt sentrale.
– Eg har sjølv vore varaordførar i Mandal og kjent på kor viktig det er å ha gode kontaktar inn mot stortingsgruppa og partiorganisasjonen. Med den erfaringa kjem eg til å jobbe saman med nettverket for å bidra til at vi gjev våre innspel frå stortingsgruppa, men ikkje minst at dei får anledning til å kome med sine. Det er heilt avgjerande for oss som jobbar på Stortinget, seier Thorsvik.
Klare ambisjonar
Nyvalt leiar Tvinnereim har klare ambisjonar for nettverket han nå skal leie frem mot valet i 2023.
– Vi er nøydt til å kome på offensiven i valet om to år. Venstre må bevise at vi er eit landsdekkande parti og bygge ned konfliktane som den sitjande regjeringa var heilt avhengige av å bygge opp for å vinne årets val. Vi må vise at det å stemme på et liberalt og fridomstenkande parti ikkje avheng av om du bur i en by eller ikkje. Vi løyser ikkje det grøne skiftet frå storbyane. Tvert imot er det lokalsamfunn i heile Norge som saman skal ta kampen om å nå klimamåla. Ein god skule, god kulturpolitikk og ein politikk der vi tek vare på dei svakaste i samfunnet, ligg og mitt hjarte nær. Dette kjem til å vere blant våre viktigaste jobbar og som vi i ordførarnettverket skal gi innspel på til organisasjonen og våre nasjonale politikare. Vår ambisjon er at nettverket skal få mange fleire nye medlemer etter at veljarane har sagt sitt i 2023, seier nyvalt nettverksleiar Tvinnereim.
Nestleiar Elisabeth Hals føyer til at det blir veldig nyttig for nettverket å få ein eigen fadder i stortingsgruppa som har relevant erfaring. -Vi skal vekse som parti fram til neste val, både med fleire medlemer og fleire folkevalde i toppverv og da blir kontakta inn mot stortingsgruppa viktig. Vi opplever å ha oppnådd god kontakt dei to åra som ligg bak oss, men no som partiet er i opposisjon på Stortinget, har vi ein unik sjanse til å få vist frem den gode venstrepolitikken og korleis vi er i stand til å spele kvarandre gode.