Vedtatt av Venstres landsstyre, 6. november 2021.
Barn har eigenverdi og rett til ei trygg oppvekst. Venstre meiner difor at borna til dei såkalla IS-kvinnene, barn som er norske statsborgarar, må få kome heim og bli ein del av det norske samfunnet. Sjølv om mødrene truleg har tatt del i alvorlege brotsverk, og bør straffeforfølgast, er barna uskuldige. Dei skal ikkje lide for dei ukloke vala deira mødre har gjort. Venstre meiner difor at regjeringa bør arbeide for å hente heim barna og mødrene, der nødvendige omsyn til tryggleiken for norske borgarar i leirane og norsk personell som deltek i operasjonen blir tatt i vare.
FNs barnekonvensjon er grunnleggjande viktig. No meir enn nokon gong er det avgjerande å slutte opp om å nytte folkeretten for å verne barn og unge som blir råka av urett. Venstre meiner tida er inne for å ratifisere barnekonvensjonen si individuelle klageordning. Mange land har gjort dette allereie, og det har vekka undring og oppsikt internasjonalt at Noreg ikkje har gjort det same – som eit land som tradisjonelt står opp for barn sine rettar og individuell rettstryggleik.
Venstre meiner tida er inne for å ratifisere barnekonvensjonen si individuelle klageordning
Venstre meiner vidare det er på tide å likestille tilbodet om omsorg til gruppa einslige mindreårige asylsøkjarar mellom 15-18 år med det tilbodet om omsorg som einslige mindreårige asylsøkjarar under 15 år får. Den eldste gruppa ligg no under utlendingsmyndigheitene si omsorg. Dei yngste, i likskap med alle andre barn i Noreg som treng det, vert tatt hand om av barnevernet. Praksisen med ulik omsorg verkar diskriminerande og er truleg i strid med Grunnlova, barnekonvensjonen og barnevernlova.
Venstre vil:
- Hente heim norske barn og mødrene deira frå leirane i Syria
- Ratifisere den individuelle klageordninga under FNs barnekonvensjon
- Lat einslege mindreårige asylsøkarar i Noreg få omsorg av barnevernet i staden for utlendingsmyndighetene