Venstres nye Stortingsrepresentant og medlem i Næringskomiteen, Alfred Bjørlo, manar til felles front blant Vestlands-politikarane for å ta vare på desse viktige framlegga om betring av rammevilkåra for Vestlands-næringslivet under ny regjering.
– Småbedriftene og dei lokalt eigde bedriftene er hjartet i næringslivet på Vestlandet. Betre opsjonsordningar og kutt i formuesskatt på arbeidande kapital er viktige saker gründerar og næringslivsfolk på Vestlandet har løfta i valkampen, seier Alfred Bjørlo.
– Eg vil innstendig oppmode om at desse viktige framlegga frå regjeringa for «kvardagsbedriftene» på Vestlandet, no ikkje blir offer for raske symbolkutt av ei ny regjering. Vestlands-politikarar uansett parti bør stå samla saman med Vestlands-næringslivet i å sikre at også eit nytt stortingsfleirtal sørger for betre opsjonsordningar for nye bedrifter og lågare formueskatt på arbeidande kapital, seier Venstres nye næringspolitikar.
Bjørlo seier han vil ta opp saka med næringslivet sine organisasjonar på Vestlandet og dei andre Vestlands-politikarane så snart som mulig.
– Eg er innvald for Venstre, men det er ingen grunn til at representantene frå Vestlandet kan kome saman på tvers av partigrenser for politikk som er viktig for næringslivet vårt. Verken Sp eller Ap er blotta for næringsvett. Dei forstår også at den beste distriktspolitikken er god næringspolitikk. For meg er det ikkje viktig kven som får æra, hovudsaka er at vi gjer det rette for næringslivet på Vestlandet, seier Alfred Bjørlo.