Handlar om å kjempa mot barnefattigdom og inkludera fleire
Melby viser til at Venstre har jobba for eit betre og billegare SFO-tilbod over tid: – Å lyfta kvaliteten i barnehagen og SFO og gjera tilboda tilgjengelege for alle, er viktig for den tidlege innsatsen me skal setja inn overfor kvart enkelt barn. Men det er er ekstra viktig for dei som treng det mest. For Venstre handlar dette om å kjempa mot barnefattigdom og inkludera fleire.Ho fortset: – Med den nye tilskotsordninga skal vi senka terskelen for deltaking ytterlegare for dei som har det vanskeligst. Vi må sørga for at ingen stengast ute frå viktige og utviklande fellesarenaer som barnehage og SFO på grunn av foreldras økonomi. Derfor vil Venstre gi born frå familiar med dårleg råd gratis fulltidsplass. Slik kan vi gje kvart barn ein betre start i livet og fleire moglegheiter, avsluttar Melby.Å lyfta kvaliteten i barnehagen og SFO og gjera tilboda tilgjengelege for alle, er viktig for den tidlege innsatsen me skal setja inn overfor kvart enkelt barn. Men det er er ekstra viktig for dei som treng det mest.
12 millionar kroner til 19 kommunar
Tidlegare har Oslo, Drammen, Stavanger og Trondheim vore med i forsøk med gratis deltid i SFO. Dette er første året at regjeringa sett av 15 millionar kroner slik at kommunar som ikkje allereie har egne ordningar med gratis SFO, får høve til å søkje om tilskot for å etablere nye ordningar. Kommunane kunne søke om tilskot til både heiltid- og deltidsplassar, samt tilskot til å dekke eventuelle kostpengar i SFO. Dei 19 kommunane som søkte, er Bodø, Flesberg, Gjerdrum, Hadsel, Harstad, Høyanger, Lindesnes, Lødingen, Moss, Narvik, Nordreisa, Notodden, Rindal, Røros, Sarpsborg, Skjåk, Stord, Trondheim og Åseral, og dei har fått til saman 12 millionar kroner.Fakta: Venstres gjennomslag for betre og billegare barnehage og SFO dei siste åtte åra:
- Born frå familiar med låg inntekt får no 20 timar gratis i barnehagen kvar veke frå dei er to år gamle, gjennom ordninga med gratis kjernetid.
- Skjerpa pedagogonormen i barnehagen og lansert ein strategi som skal styrka kompetansen hos dei tilsette ytterlegare.
- For første gang er det innført ei nasjonal moderasjonsordning i SFO, som gjer det billegare for dei med lågast inntekt.
- Elevar på 5.-7. trinn med særskilde behov får no gratis SFO.
- SFO-kvaliteten vil løftast i heile landet med nasjonal rammeplan for kva ordninga skal inneholde. Den skal takast i bruk denne høsten.