Venstre størst i skulevalet ved Volda vgs

Volda Venstre

Venstre fekk heile 19,6% av stemmene og vart største partiet under årets skuleval ved Volda vg skule. Ap vart nest størst med 17,9%, medan SV på tredje plass fekk 12,8% av røystene.
Leiar i Volda Venstre, Hogne Kvangarsnes, seier i ein kommentar at han under valkampen har registrert aukande interesse for Venstre og at partiet er i klar medgang på meiningsmålingane.
“Men at Venstre skulle bli størst med 19,6% ved skulevalet i Volda var likevel i overkant. Eg er imponert over jobben Unge Venstre har gjort under årets skuleval på dei vidaregåande skulane. Og med 10,7% av røystene på landsplan, leverer Unge Venstre det beste skulevalet gjennom tidene,” avsluttar Kvangarsnes.