EØS – livsviktig for Sogn og Fjordane

Foto: Helle Frogner

Kvar einaste kommune i Sogn og Fjordane har bedrifter som er avhengige av
EØS-avtalen. Likevel vil både Senterpartiet, SV og Raudt setje EØS-avtalen i spel
dersom dei kjem til makta. Det er å gamble med titusenvis av arbeidsplassar i
distrikts-Noreg. Venstre vil vere garantisten for at det ikkje skjer.


I Sogn og Fjordane har vi eit utprega internasjonalt og eksportretta næringliv, med Europa
som den viktigaste marknaden. For store deler av bedriftene våre, er EØS-avtalen sjølve
navlestrengen til inntektene ved at avtalen gjev dei marknadstilgang til EU-landa. På
landsbasis er kvar fjerde jobb i norsk næringsliv er eksportbasert.

Det siste næringslivet i Sogn og Fjordane treng no, etter halvanna år med uvisse på grunn av
ein global pandemi, er endå meir uvisse. Denne gongen om dei kjem til å ha tilgang til
marknaden sin også etter valdagen, med Sp, SV og Rødt i regjering og/eller vippeposisjon i
Noreg.

Vi skal ikkje kimse av dei partia som ønskjer å ta Noreg ut av EØS-avtalen. Røynslene med
Brexit tener som ei åtvaring. I Storbritannia stupte investeringane då det var klart at Brexit
var eit faktum. Sjølv om dei til slutt vart lova ein ny handelsavtale, flytta eksportindustrien ut
til andre EU-land. Industriarbeidarane – og fiskarane – sat igjen med svarteper, trass i fagre
løfte på førehand frå dei politikarane som gjekk i front for Brexit.

Senterpartiet har også teke til ordet for å kutte Noreg sine økonomiske bidrag til EU gjennom
EØS-midlane og dermed trappe ned Noreg si rolle i ulike EU-program. Dette er svært dårleg
nytt, ikkje minst for ungdom som deltek i mange utvekslingsprogram og tek utdanning i EU-
land. Ikkje minst er Europa-samarbeidet avgjerande for å løyse felles klima- og miljøkrise.

EØS-avtalen tener oss godt. Det er uforståeleg at enkelte parti kan gå til val på å avvikle
berebjelken for store deler av næringslivet vårt. Stem på at bedriftene våre får ei trygg
framtid. Stem på at det skal vere mogleg for ungdommane våre å reise ut i Europa og ta
utdanning. Stem på meir samarbeid på Vestlandet og i Europa, ikkje mindre. Stem Venstre!

Alfred Bjørlo, 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane
Gunhild Berge Stang, 2. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane
Ole Martini, 3. kandidat og ungdomskandidat