Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby kjem til Ålesund 23. august

Guri Melby
Venstre-leder Guri Melby gratulerer., Foto: Oda Scheel

Måndag 23. august kjem kunnskaps- og integreringsminister, og partileiar, Guri Melby til Ålesund. Ho skal mellom anna besøke Borgund vidaregåande skule og Stette Montesorriskule. Melby skal også, saman med Møre og Romsdal Venstre sin førstekandidat Lena Landsverk Sande og andrekandidat Ragnhild Helseth møte fiskeribedrifter i Ålesund, møte lokalpolitikarar i Ålesund Venstre på Digerneset, og besøke lærebedrifter på Håhjem Industri.

På kvelden vert det arrangement saman med venstremedlemmar frå Ålesund og andre lokallag i fylket.

Vi gler oss til å ta imot Guri Melby i morgon, og ekstra kjekt er det at ho kjem i samband med skulestart, og skal holde opningstale for skuleåret på Borgund vidaregåande skule, seier Lena Landsverk Sande, førstekandidat i Møre og Romsdal.

 

For meir informasjon og spørsmål, kontakt valkampansvarleg Annika Brandal, mobil 408 40 900, Møre og Romsdal Venstre.