Både Venstre-nestleiar og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn, statsministeren og utviklingsministeren var til stades då strategien vart lagd fram på Sotra på tysdag.
– I 2017 vart ein utsvelten kval funne akkurat her på Sotra – med 30 plastposar i magen. No kjem Venstre og regjeringa med ein strategi som skal forhindre slike lagnader. Meir plast skal gjenvinnast, mindre skal kome på avvege, og vi skal ha fleire tiltak for opprydding. Med den nye strategien samlast for fyste gong all plastpolitikk på ein stad for ein heilskapleg tilnærming, og vi kjem med fleire nye og offensive grep, seier Rotevatn.
Meir plast skal gjenvinnast, mindre skal kome på avvege, og vi skal ha fleire tiltak for opprydding.
Statsministeren stemmer i:
– Plastavfall på avvegar er eit av vår tids raskast aukande miljøproblem. Det er eit trugsmål mot livet både i hav og på land. Vi må bli smartare i måten vi brukar plast på. Vi må bli smartare i måten vi handterer plasten på når den blir avfall, og vi må hindre at plastavfall ender opp i naturen, seier Erna Solberg.
Vil ha global plastavtale
Plaststrategien samanstiller regjeringas politikk og beskriver dei fleste tiltaka som er iverksett, eller som er under gjennomføring, for å redusere plastforsøpling og plastforureining. Den skildrar òg tiltak som kjem i nær framtid og visar til kva utfordringar vi står ovanfor.
– Ingen land kan løyse disse utfordringane åleine, og Venstre og regjeringa er svært tydelige på behovet for internasjonalt samarbeid, seier Rotevatn.
Ingen land kan løyse disse utfordringane åleine
Venstre-nestleiaren fortset:
– Vi treng ein global plastavtale der alle verdas land pliktar å gjennomføre ein nasjonal plan for å stanse utslepp av plast til havet. Vi må ta på alvor dei miljøproblema som plastforureininga skaper. Regjeringas plaststrategi er eit døme på korleis ein slik plan kan vere.
Noreg har sidan 2014 arbeida for sterkare globale pliktar mot plastforsøpling og plastforureining – og då særleg i havet. Fleire og fleire land er no samde om behovet for ein ny global avtale, og behovet for å engasjere alle aktørar på alle nivå til å arbeide saman.
I ein global marknad bevegar både plastprodukt og plastavfall seg på kryss og tvers av landegrenser, er det er naudsynt med tett internasjonalt samarbeid. Noreg jobbar saman med EU for å få fram meir berekraftige verdikjedar for plast og sikre at farlege stoffar blir tatt ut av krinsløpet før plasten blir attvunnen.
Forbud med eingongsplast i samarbeid med Europa
Noreg har allereie gjennomført ei rekke tiltak som fylgjer av felleseuropeisk regelverk, til dømes forbodet mot einskilde eingongsartiklar i plast.
Plastforsøpling og plastforureining er ei felles utfordring for alle menneske kloden over. I folkerike land og framveksande økonomiar aukar mengda plastavfall raskt. Nærare 2 milliardar menneske manglar tilgang til avfallshandtering på verdsbasis.
I 2018 lanserte regjeringa eit bistandsprogram mot marin forsøpling og mikroplast. I tida fram til 2024 har regjeringa sett av 1,6 milliardar kronar til programmet.