Kvifor bør du røyste Venstre i Sogn og Fjordane?

Vi skal løyse klima- og naturkrisa

Vi er dei fyrste som opplever klimaendringane. Og dei siste som kan stanse dei. Dette er vår tids viktigaste kamp – samtidig som det er Sogn og Fjordane sin største sjanse nokonsinne til vekst, nye arbeidsplassar og grøn bløming. Venstre vil ta vare på naturen og samtidig kutte klimautslepp.

Difor vil vi:

  • Verne meir natur
  • Ta kampen for eit reint hav
  • La det løne seg å ta grøne val i kvardagen
  • Gjere det enklare og billigare å reise kollektivt
  • Gjere Sogn og Fjordane leiande i grøn omstilling, grøn industri og satse på kystnæringane. Samtidig som me skal kutte klimautslepp.

 

Vi satsar på kunnskap

Venstre vil gje alle som veks opp fridom til å forme si eiga framtid, uavhengig av foreldre sin bakgrunn og lommebok. Venstre vil kjempe for gode barnehagar og skular, tidleg innsats og høgare utdanning lett tilgjengeleg uansett kvar du bur.

Difor vil vi:

  • Innføre gratis SFO og utvida tilbod om gratis barnehage for familiar som treng det
  • Gi lærarane meir tillit og fridom i skulekvardagen
  • Ha miljøkoordinatorar i vgs og fleire helsesjukepleiarar
  • Auke studiestøtta
  • Satse meir på desentraliserte campusar i Sogn og Fjordane: Høgare utdanning uansett kvar du bur – gjennom heile livet

 

Vi heiar på jobbskaparane i Sogn og Fjordane

Framtida sine jobbar er grøne, og ligg langs kysten og i distrikts-Noreg. Venstre vil ta leiarskap for å skape nye, grøne jobbar i industrien, fiskeri og sjømat og distriktsnæringane elles. Samtidig vil vi flytte staten ut av storbyene. Venstre vil at Sogn og Fjordane skal samarbeide meir med Vestlandet og verda – ikkje mindre.

Difor vii vi:

  • Gjere det enklare å skape og bygge langsiktig opp nye arbeidsplassar.
  • Gjere Sogn og Fjordane til verdas beste stad for å «ta med jobben» og arbeide desentralisert
  • Satse sterkare på grøn industri, grøn omstilling og kystnæringane i Sogn og Fjordane
  • Slå ring om EØS-avtalen og meir samarbeid på Vestlandet, ikkje mindre
  • Tryggare og betre vegar i kvardagen: Rassikring, gul stripe og ferjeavløysing

 

Er du einig? Da bør du røyste Venstre.

Les meir: http://www.venstre.no/alfred