Gjennomslag: No skal staten flytte ut

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant og helsepolitisk talsperson for Venstre., Foto: Helle Frogner

I februar foreslo Venstre-ordførar Alfred Bjørlo i Stad å innføra ein «flytterett til eigen jobb». No, berre fire månader etterpå, fylgjer Venstre og regjeringa etter med å leggja til rette for «stadsuavhengige arbeidsplassar» på alle nivå i staten.

Bjørlo sjølv, som òg er 1. kandidat til Stortinget for Venstre i Sogn og Fjordane, er svært nøgd med gjennomslaget:

– Dette er det endelege gjennombrotet: No skal staten flytte ut! Dette er ein Venstre-siger som vil bety enormt mykje for folk sin fridom til å velje kvar dei skal leve livet sitt – også i distrikts-Noreg.

No skal staten flytte ut!

Alfred Bjørlo

Målet er å leggje til rette for at statleg tilsette kan arbeide frå «distrikts-hubar» over heile Noreg – ikkje berre frå hovudkontorbygg i større byar. Tiltaket er ein del av distriktsstrategiane regjeringa skal leggje fram.

Meir fleksibilitet og valfridom

Venstre-leiar Guri Melby meiner stadsuavhengige arbeidsplassar er godt nytt for distrikta:

Venstre-leiar Guri Melby er glad for at regjeringa ho er ein del av no legg til rette for at folk kan t amed seg arbeidsplassen ut av storbyen.

– Etter koronapandemien har vi lært at det er rom for meir fleksibilitet i arbeidskvardagen, og at det er mogleg å gje arbeidstakarane større valfridom. . Eg trur mange kjenner på at auka høve til heimekontor har gjeve enklare kvardagar, mindre pendling og kan hende betre klimasamvit. Med denne ordninga vert det mogleg å ha fleire kompetansearbeidsplassar i distrikta, noko som kan gjere valet om å flytte heim eller ut av byen mykje enklare for fleire, seier ho

Med denne ordninga vert det mogleg å ha fleire kompetansearbeidsplassar i distrikta, noko som kan gjere valet om å flytte heim eller ut av byen mykje enklare for fleire

Guri Melby

Stad kommune i bresjen

Bjørlo viser til at det no skal lagast ein ny modell for statleg samlokalisering i distrikta i hans kommune:

– Venstre-leia Stad kommune har gått i bresjen for ein ny modell for statlege «distrikts-hubar», der vi lagar eit felles statleg arbeids- og kompetansemiljø på tvers av sektorar og «siloar». Med denne nye avgjerda frå regjeringa er det endeleg klart at «Distriktshub Stad/ Statens Hus Stad» blir den nasjonale føregangsmodellen.

Han har tru på at dette er framtida:

– Målet skal vere: Eit felles arbeidsmiljø for folk som vil bu og leve det gode liv i distrikta – utan å måtte seie frå seg karrieremoglegheiter i ein statleg etat. Dette er framtidas distriktspolitikk – no tek også staten spranget inn i ei ny tid, seier Bjørlo.

Meir om kva Venstre og regjeringa vil med stadsuavhengige arbeidsplassar:

  • Regjeringa vil ta initiativ til å utvikla løysingar der tilsette i staten kan høyra til lokale kontorfellesskap med andre statleg tilsette, eventuelt saman med kommunale eller private aktørar. Småbyane vil vera aktuelle som vertskap for slike kontorfellesskap.
  • De statlege verksemdene er ulike, og arbeidsgjevar vil har ansvaret for å utforma verksemdas personalpolitikk. Løysingar for stadsuavhengig arbeid må derfor primært utformast i den einskilde verksemda.
  • Samstundes trengs eit overordna rammeverk som gjeld for alle statlege verksemder. Regjeringa vil utarbeida felles retningsliner for stadsuavhengig arbeid i staten, i dialog med relevante aktørar.
  • Mens stadsuavhengig arbeid rettar merksemda mot moglegheita for å kunne jobba fra ein anna stad i landet enn der arbeidsgjevar er lokalisert, vil regjeringa òg vurdera moglegheiter for å flytta ut spesifikke stadsuavhengige funksjoner frå dei sentrale ledda til direktorata.