Rotevatn lanserte Noregs første strategi for sirkulær økonomi

Sveinung Rotevatn
Hordaland Venstres stortingskandidat og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn., Foto: Helle Frogner

Venstre og regjeringa la i dag for første gong fram ein heilskapleg strategi for sirkulær økonomi. – Målet er at Noreg skal bli eit foregangsland i grøn, sirkulær økonomi. Det betyr at det vi produserer og forbruker må tære mindre på jorda, naturen og dei ressursane vi lever av seier Venstre-nestleiar og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

– I framtida må produkta vi lager vare lengre, dei må kunne reparerast, gjenvinnast, vere utan giftstoff og gje mindre avfall. Vi må utnytte meir råstoff frå avfall til nye produkt, og redusere behovet for å ta ut nytt råstoff frå naturen. Det krev at alle gode krefter jobbar i lag, og difor legg vi i dag som første norske regjering fram ein heilskapleg strategi for sirkulær økonomi, seier Rotevatn.

I framtida må produkta vi lager vare lengre, dei må kunne reparerast, gjenvinnast, vere utan giftstoff og gje mindre avfall. Vi må utnytte meir råstoff frå avfall til nye produkt, og redusere behovet for å ta ut nytt råstoff frå naturen.

Sveinung Rotevatn

EU har allereie lagt lista høgt for korleis Europa skal gå føre i omstillinga og det gir oss gode moglegheiter til å bidra med det vi er gode på; høge miljøstandardar, høg produktivitet og høg kompetanse.

– Omstillinga som EU no varslar er av stor betyding, og det er viktig at breidda av næringslivet deltar aktivt på dette området, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Noreg skal vere eit føregangsland gjennom aktiv vidareutvikling av politikk og verkemiddel både nasjonalt og i samarbeidet med EU. Regjeringa skal sikre rammevilkåra, og fjerne barrierar for eit meir sirkulært næringsliv i Noreg.

Ryddesjau

Strategien ble lagt fram på Herøya onsdag 16. juni.

Strategien legg grunnlaget for Venstre og regjeringas arbeid for å utnytte potensial for verdiskaping i eit meir sirkulært, norsk næringsliv.

– Omstillinga til meir sirkulær økonomi utfordrar innretninga på politikken på ei rekke område. Sjølve jobben må gjerast av folk og bedrifter der ute, men vi som regjering har eit ansvar for å sørgje for at ressursane kan finne kvarandre i den sirkulære økonomien. Mykje av dagens regelverk hindrar at ressursar blir godt nok utnytta, og vi varslar no ein stor ryddesjau for å oppdatere regelverk og planlegge for nye utfordringar, seier Rotevatn.

Venstre og regjeringa vil styrke moglegheitene forbrukarane har til å vite korleis dei kan ta gode, berekraftige val, i tråd med ei sirkulær tenking. Kunnskapen om sirkulær økonomi i vare- og handelsnæringa og standardiseringsarbeidet skal styrkast, slik at næringslivet kan bruke globale standardar når dei fremmar sirkulære produkt.

Det skal utarbeidast ein handlingsplan for å auke delen av klima- og miljøvennlege offentlege innkjøp og grøn innovasjon.

Moglegheiter for norsk næringsliv og verdiskaping

Iselin Nybø
Næringsminister Iselin Nybø (V) har tru på at ein meir sirkulær økonomi er bra for næringslivet.

Venstre og regjeringa kjem med ei rekke konkrete tiltak på dei områda som er identifiserte som å ha det største potensialet for sirkulær økonomi i Noreg. Det gjeld bioøkonomien, prosessindustrien, bygg-, eigedom- og anleggsnæringa, og varehandel og tenestenæringane.

Utviklinga mot ein stadig meir sirkulær økonomi skaper moglegheiter for norsk næringsliv, både når det gjeld verdiskaping og utnytting av ressursar.

Iselin Nybø

– Utviklinga mot ein stadig meir sirkulær økonomi skaper moglegheiter for norsk næringsliv, både når det gjeld verdiskaping og utnytting av ressursar. Industrien er allereie komen langt i den grøne omstillinga, og sjølv om utsleppa er betydeleg reduserte, er det meir å henta innan auka sirkularitet. Handelsnæringa kan bidra ved å stilla krav til produsentar av varer og tenester, utvikla nye forretningsmodellar og legga til rette for at forbrukarar tar berekraftige val, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Nye økonomiske verkemiddel

Venstre og regjeringa jobbar no med å setje ned eit utval som skal gjennomføre ein større gjennomgang av skatte- og avgiftssystemet. Utvalet skal sjå på skatte- og avgiftssystemet i samanheng, og sikre at vi får eit godt kunnskapsgrunnlag på plass. Som del av arbeidet, vil utvalet få i oppdrag å vurdere korleis økonomiske verkemiddel kan bidra til ein meir sirkulær økonomi.

Med ein heilskapleg strategi for ein sirkulær økonomi kan Noreg vise verda at grøn, sirkulær økonomi er både god miljø- og klimapolitikk og samstundes god butikk

Sveinung Rotevatn

– Overgangen til ein sirkulær økonomi er ei stor moglegheit for Noreg. Med ein heilskapleg strategi for ein sirkulær økonomi kan Noreg vise verda at grøn, sirkulær økonomi er både god miljø- og klimapolitikk og samstundes god butikk, seier Rotevatn.

Les heile strategien for ein grøn, sirkulær økonomi her.