Nynorsk-elevar må få lærebøker på nynorsk ved skulestart

Alfred Bjørlo
Alfred Bjørlo, Foto: Helle Frogner

Kommunar og fylkeskommunen bryt opplæringslova dersom nynorsk-elevar ikkje får lærebøker og læremiddel samtidig som bokmål-elevar.

Opplæringslova slår fast at lærebøker og andre læremiddel skal ligge føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris, for å sikre nynorskelevar ei like god lese- og skriveopplæring som bokmålselevar. Men i overgangen til Fagfornyinga har det i inneverande skuleår skjedd mange grove brot på denne regelen i opplæringslova – også i vidaregåande skular i Vestland.

Eit fåtal av læreverka var klar til skulestart sist haust, og nynorsk-utgåvene har jamnt over vore klare ein dryg månad seinare enn bokmål. I nokre tilfelle har det vore langt verre enn det også. Til dømes fekk elevane på VG1 TIP ved Odda vidaregåande skule si siste lærebok på nynorsk siste veka i mai – rett før skuleåret var slutt.

Det er grunn til å frykte at liknande skeivutgiving vil skje i fagfornyinga på vg2-trinnet komande skuleår. Dersom bokmåls-variantane systematisk kjem tidlegare enn nynorsk-variantane, vil det i praksis seie at skular og elevar blir pressa over til bokmål – på grunn av ein praksis som er i direkte strid med opplæringslova.

Vestland fylkeskommune må som skuleeigar snarast gripe tak i denne situasjonen, og bruke si makt som det største nynorskfylket i landet til å få slutt på denne lovstridige praksisen.

Venstre har derfor sendt inn spørsmål til fylkestinget 16-17. juni der ein spør kva Vestland fylkeskommune som skuleeigar vil gjere for å sikre at lærebøker og andre læremiddel ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid for elevane i vidaregåande skule kuleåret 2021/22, slik at reglane i opplæringslova om jamstelling mellom nynorsk og bokmål blir følgde for elevane i Vestland.

 

Alfred Bjørlo, Stortingskandidat for Venstre