Venstre har vore i regjering og støtteparti til regjering dei siste åtte åra, og når vi tek ei oppsummering, har mange av valløfta frå tidlegare val no blitt vedtatt politikk. Mellom anna 11 månadar studiestøtte, fleire studentboligar, gratis barnehage til lavinntektsfamilier, nei til oljeleiting i Lofoten, Vesterålen og Senja, og innan samferdsel er mellom anna Stad skipstunell, Voldatunellen og ny Strynefjellsveg blitt prioritert Nasjonal Transportplan. Det same er også Møreaksen og Bypakke i Ålesund. Dette i tett samarbeid med Høgre og Krf.
Vi har grunn til å vere stolte av det partiet har fått til, og vi går til val på fire nye år der klima og miljø, kunnskap og verdiskaping vil vere hovudsakene. Og det viktigaste for oss her i Møre og Romsdal, for å oppnå dette, er å få Lena Landsverk Sande vald inn på Stortinget til hausten.
Lena Landsverk Sande er i dag ordførar i Vanylven, det har ho vore sidan 2015. Ho er fembarnsmor og bur på ein gard, er utdanna lærar og er distriktoptimist. No er ho klar til å vere ei viktig stemme for næringsliv, kommunar og innbyggarar med ein plass på Stortinget frå hausten av.
Her i fylket vil Venstre mellom anna jobbe for forutsigbare rammevilkår for den maritime næringa, desentraliserte utdannings- og arbeidsplassar og samferdselsløysingar som utvidar bu- og arbeidsmarknadsregionane. Landsverk Sande er klar på at dei gode løysingane finn vi best saman, og ved å lytte til kunnskap og erfaring. Difor er eit viktig mål for dei komande månadane å bli endå betre kjent i Møre og Romsdal, lytte til næringsliv og innbyggarar rundt om, kva som er viktig i bygd og by for å ha både fridom og moglegheiter til alle. Vi skal jobbe for gode tenester i heile landet, og grøn vekst i bygd og by.
Ragnhild Helseth er partiet sin andrekandidat. Ho er også fylkesleiar, gruppeleiar for Venstre i Kristiansund, og var varaordførar i Kristiansund i førre periode. I sin appell løfta Ragnhild Helseth fram det viktige kulturlivet. Venstre skal jobbe vidare for at kultur skal kunne gi verdiskaping.
Eit digitalt besøk i møtet er ikkje heilt det same som eit fysisk møte, men når Sveinung Rotevatn kom med sitt engasjerande innlegg på storskjerm i møterommet, spreidde entusiasmen seg til møtedeltakarane nærast som han var til stades fysisk. Rotevatn løfta fram næringslivet i Møre og Romsdal, som allereie er godt i gong med mange grøne løysingar, og regjering og storting må halde fram med å legge til rette for at næringslivet skal kunne vekse, og sørge for verdiskaping. Det er også ei viktig oppgåve å gjenreise kulturlivet no, både det frivillige og det kulturbaserte næringslivet. Pandemien har gått hardt ut over desse, og det vil ta tid å bygge opp igjen. Kulturpartiet Venstre skal ha fokus på dette.
Rotevatn avslutta med ei lita helsing med bakgrunn i at samlinga var i Ørsta samtidig med «Dei nynorske festspela»; Festspela handlar om to ting, det handlar om kultur og det handlar om nynorsk. Begge deler er viktig for Venstre!